– «Bølgen» er spekulativ og unødvendig

Ikkje alle er like glade for den norske katastrofefilmen «Bølgen» som er spelt inn i Geiranger. Sjå forsmaken på filmen her.

Filmscene frå filmen "Bølgen"

«Bølgen» er den sjuande spelefilmen til Fantefilm. Produsent Martin Sundland seier innspelinga har vore ei enorm utfordring.

Foto: Fantefilm

Det er Tafjordulukka i 1934 og faren for fjellskred på Åkneset på indre Sunnmøre som gav filmskaparane ideen om å lage ein katastrofefilm frå nettopp dette området.

– Historia er så stor og dramatisk at vi berre måtte fortelje ho. Det blir eit nervepirrande og effektfullt actiondrama, og eg gler meg veldig til å vise han fram, seier regissør Roar Uthaug om filmen som har premiere neste år.

Inspirert av Tafjordulukka

I Tafjord og Fjørå miste 40 menneske livet i ei flodbølge som var 64 meter høg på det høgaste. Og når fjellskredet går på Åkneset, kan ei endå høgare flodbølge rasere tettstader som Geiranger og Hellesylt.

I filmen går alarmen ved skredsenteret i Geirangerfjorden. Den erfarne geologen Kristian Eikjord (Kristoffer Joner) er plutseleg midt i sitt livs verste mareritt. Familien er splitta og det er berre 10 minutt til den 80 meter høge bølga treff den vesle bygda.

Artikkelen held fram etter traileren:

– Ei ekkel påminning

Kjell Jogerud, dagleg leiar i Åknes-Tafjord Beredskap har sett forsmaken på filmen og synst han er godt laga.

– Dette skal vekkje interesse, og klippet er eigna til det. Katastrofefilmar blir det laga mange av og New York blir utsletta fleire gongar i året på filmlerretet, så dette må vi tole.

Åknes Tafjord Beredskap har hatt tett kontakt med filmskaparane for faktainformasjon, historikk og anna dei treng til produksjonen. Jogerud trur ikkje filmen vekkjer særleg reaksjonar blant lokalbefolkninga i Stranda og Norddal, fordi folk flest er godt kjende med dei faktiske forholda og kva dei kan vente av forvarsel.

– Men klippet gir nok fleire ei ekkel påminning om kor store materielle øydeleggingar det kan bli ved ei skredbølgje, seier Jogerud.

– Unødvendig og spekulativt

Sindre Mjelva, direktør Hotell Union

Hotelldirektør Sindre Mjelva på Hotel Union Geiranger synest filmprosjektet er både spekulativt og unødvendig.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Sindre Mjelva er direktør på Hotell Union som det største hotellet i Geiranger. Han er også busett i bygda saman med familien sin. Han er ikkje imponert over filmen, verken privat eller forretningsmessig.

– Reint privat så synest eg vinklinga og bruken av Geiranger er spekulativ og unødvendig. Innbyggarane, spesielt dei unge, blir sett på prøve, seier han og minner om den veldig reelle trusselen filmen er basert på.

Om han sjølv kunne ha valt, ville filmen aldri ha blitt produsert.

– Dommedagsfilmar er ikkje noko nytt, og det er heller ikkje unikt å bruke kjende stader som New York for at folk skal identifisere seg med det som skjer. Forskjellen er at denne filmen tek utgangspunkt i noko som folk veit kan skje, seier han.

– Lite å seie for turistnæringa

Når det gjeld verknaden på turistindustrien trur han ikkje filmen gjer stort verken frå eller til.

– Vi er allereie eit populært UNESCO-område og det blir produsert 4–5 filmar her i året. Eg tippar «Bølgen» blir eit blaff på lik linje dei andre.

At det er ei storsatsing i Hollywood-format, er heller ikkje nok til å imponere hotelldirektøren.

– Eg er langt meir imponert av Disney og filmen «Frost». Det er klasseforskjell i korleis Disney og Fantefilm nærmar seg reiselivsnæringa.

– Kva legg du i det?

– Medan «Bølgen» legg opp til å ta all forteneste sjølv, har Disney brukt dei lokale næringane på ein god måte og laga produkt som gagnar norsk reiseindustri, hevdar han.

Vart drøfta internt

Filminnspilling Geiranger

Kristoffer Joner spelar eine hovudrolla i «Bølgen». Statistar frå nærområdet er også med i filmen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Bølgen-produsent Martin Sundland, som også er dagleg leiar i Fantefilm, seier selskapet tenkte nøye igjennom konsekvensane før dei gjekk i gang med filmen.

– Vi er veldig opptekne av å ta dette på alvor, seier han om dei lokale reaksjonane til det kontroversielle filmprosjektet. – Vi har drøfta dette mykje internt, og fall på at det var både riktig og viktig å lage filmen.

Produsenten peikar på at Noreg er eit svært rasutsett land der enkelte ras får konsekvensar både for enkeltliv og heile bygdesamfunn.

– Det er viktig å setje fokus på dette, slik at ein tek rasfare meir på alvor og at det vert løyvd meir støtte, seier han.

Ifølgje Sundland har selskapet hatt samtalar med blant anna lokale ordførarar og skredsenteret i Geiranger i forkant av prosjektet.

– Enkelte har vore skeptiske og usikre, men samtidig fekk vi enorm hjelp frå lokalbefolkninga under innspelinga. Eg trur ikkje det hadde vore tilfelle om folk flest var imot produksjonen.

Kjenner seg ikkje att

Om filmen kjem til å gagne turistindustrien i Geiranger eller ei, tør ikkje Sundland å spå noko om.

– Historikken tilseier at store film- og tv-produksjonar gir eit oppsving i turisme, men det stemmer jo at Geiranger allereie er godt etablert, seier han.

Men at selskapet ikkje jobbar for å promotere Noreg, det er han rett fram ueinig i.

– Fantefilm har heile vegen vore eit selskap som brukar den norske naturen svært aktivt i filmane – nettopp for å fremje alt han har å by på, avsluttar han.

– Beredskapen er på plass

Kjetil Foldal

Beredskapssjef i Møre og Romsdal, Kjetil Malvik Foldal, seier beredskapen i høve Åknesremna, som filmen byggjer på, er svært god.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Fylkesberedskapssjef i Møre og Romsdal, Ketil Matvik-Foldal, var heller ikkje blant dei som ønska filmen velkomen.

– Eg tenkte nok at filmen vil nok føre til uro blant lokale og tilreisande, men spesielt uroa er eg heller ikkje.

Han trur dei lokale innbyggjarane har god nok kjennskap til beredskapen ikring Åknesrenna, og derfor ikkje vil la seg skremme så lett.

– Er filmen realistisk, slik du ser det?

– Det er umogleg å svare på før eg har sett han, men det er jo sjølvsagt ein underhaldningsfilm som treng ein viss dramaturgi, seier han.

Fylkesberedskapssjefen understrekar at beredskapen er aktiv 24/7, og har vore det i mange år.

– Vi er budde på å svare alle slags spørsmål ikring Åknesremna når filmen kjem, avsluttar han.

Storsatsinga «Bølgen» er den første katastrofefilmen som er laga i Skandinavia og har premiere i august 2015.