Dei tilsette vart orienterte tidlegare i dag, og på ein pressekonferanse no har konsernsjef Kjell Stamnes lagt fram planane.
Dei tilsette blir vurdert under eitt
Konsernsjef Kjell Stamnes opplyste på ein pressekonferanse no i ettermiddag at reduksjonane vil skje over 12-15 månader. Dei tilsette ved dei to fabrikkane vil bli vurdert under eitt, og ein del av dei tilsette i Vågstranda vil få tilbod om jobb i Molde.
Konserntillitsvalgt Ola Skjæret. Foto: Gunnar Sandvik
Har gjort ein god jobb
- Dei tilsette ved Vågstranda har gjort ein god jobb for Glamox gjennom mange år, og det er svært leit at vi no må leggje ned denne fabrikken, seier Stamnes.
Han såg ikkje andre alternativ enn nedlegging for å sikre ein lønsam produksjon. Men også andre tiltak skal setjast i verk for å gjere innsparingar. Mellom anna vil det bli ei omlegging av produksjonen, standardisering, sterkare automatisering og auka satsing på produktutvikling.
Glamox-fabrikkane har i dag om lag 200 årsverk knytt til
produksjonen dei to stadene, der vel 40 i Vågstranda. Glamox har dei siste åra etablert seg med fabrikkar i Tyskland, Estland og Kina, og er ein av verdas største produsenter av lysarmaturer.
For stor risiko med utflagging
Utflagging til Estland og nedlegging av ein eller begge fabrikkane i Romsdal var blant alternativa som leiinga vurderte. Men Stamnes meiner ei fullstendig utflagging vil føre til store investeringar og medføre større risiko på ei rekkje område.
Dei rundt 50 tilsette ved Glamoxfabrikken på Vågstranda visste allereie tidlegare i dag at fabrikken kom til å bli lagt ned.
Tett lokk på informasjonen
Konsernleiar Kjell Stamnes informerte om dette i føremiddag, men det vart lagt eit tett lokk på all informasjon - også frå dei tillitsvalde og tilsette - av hensyn til dei knapt 280 tilsette i Molde som først no i ettermiddag fekk vite om framtida si.
Gunn Korsnes var ein av dei som fekk beskjed om at arbeidsplassen på Vågstranda skal leggast ned.
- Eg tok imot meldinga med stor sorg. Eg er einsleg forsørgjar og har eit stort lån på huset, så det er klart at dette får store konsekvensar for meg, seier ho.