Onsdag sat Glamox-styret i møte for å avgjere om avdelingar skal leggast ned, og om produksjonen skal flaggast ut til lågkostland.
Og i dag var konsernsjef Kjell Stamnes på Vågstranda i Rauma, og ved Glamox i Molde for å informere om framtida til konsernet.
Då blei det klart at styret utset avgjerda til hausten.
Sjølv om Glamox sidan februar har hatt to interne arbeidsgrupper til å vurdere produksjonsstrukturen, kom det i dag fram at leiinga treng meir tid.
Målet var å ta ei avgjerd innan 1.juli, men førebels er analysegrunnlaget for tynt, seier Stamnes.
Sjølv om ei utsetting inneber at dei tilsette framleis må leve i uvisse, forsvarar Stamnes avgjerda.
For mykje står på spel til å ta ei forhasta avgjerd, seier konsernsjefen.
Forstår avgjerda
Ola Skjæret
Konserntillitsvalt Ola Skjæret forstår at leiinga treng meir tid, sidan avgjerda er så viktig og kan få så store konsekvensar.
Skjæret seier seg likevel lei for at dei tilsette må leve i uvisse gjennom sommaren.
Auka produktivitet - lågare sjukefråver
Frå avdelinga på Vågstranda
Bedrifta har to avdelingar her i fylket og dei tilsette har tidlegare sagt nei til lønsauke for å sikre arbeidsplassane.
Glamox hadde eit resultat på minus 8,2 millionar kroner i første kvartal i år og har om lag 400 tilsette.
Samtidig med at produktiviteten er betra dei siste månadene, har sjukefråveret gått ned.