Roaren Tale Fiskerstrand Gjørtz vart nummer tre i B-finalen i singelsculler i Samsung World Cup i Dorney Lake i England søndag føremiddag.
Held til OL-kravet
Fiskerstrand Gjørtz er berre middels fornøgd med å kome på ein niandeplass totalt i konkurransen.
– I går var ho veldig skuffa etter at ho ikkje kom til A-finalen. Det var ikkje Tale-forhold under roinga, men sidevind. I dag skulle ho ro som eit villdyr, seier generalsekretær i Norges roforbund, Tine Bjunge, til Sunnmørsposten.
Dersom det hadde vore OL-sesong i år, hadde Tale Fiskerstrand Gjørtz kome seg dit med niandeplassen.
Les også:
– Fekk vist det ho er god for
Klubbtrenar og far, Åke Fiskerstrand, seier til avisa at han er fornøgd med plasseringa.
– Særleg er vi fornøgd med gjennomføringa av løpet, som var mykje betre i dag enn i går, seier Fiskerstrand.
– I går med sidevind fekk ho ei av dei dårlegaste banene, og det er naturleg sidan ho ikkje er blant dei beste. Dermed fekk ho ikkje vist at ho er nær A-finalen. I dag var det meir like forhold, dermed fekk ho også vist det ho er god for.