Hopp til innhold

Fiskerstrand Gjørtz til EM

Tale Fiskerstrand Gjørtz er éin av fem utøvarar som skal til ro-EM i Italia midt i september. – Det blir ein god målestokk, seier trenar og far Åke.

Tale Fiskerstrand

Tale Fiskerstrand Gjørtz er klar for EM i Italia frå 14. til 16. september.

Tale Fiskerstrand Gjørtz i Ålesunds Roklubb kom seg berre nesten til OL i London, men har hatt ein elles grei sesong.

I U23-VM i Trakai, Litauen, hamna ålesundsroaren akkurat utanfor pallen.

No skal ho altså få teste seg mot alle dei beste i Europa.

Fiskerstrand Gjørtz er éin av fem utøvarar som skal til EM i Varese, Italia 14. til 16. september. Ho er den einaste som ror åleine, i singelsculler.

Saka held fram under bildet.

Tale Fiskerstrand Gjørtz under dagens heat

Under U23-VM i Litauen tok Fiskerstrand Gjørtz den lett skuffande 4.-plassen.

Foto: Lars Myhrer

– Møter dei beste

Trenar og far Åke Fiskerstrand meiner EM no blir ei ny moglegheit før tankane sklir mot 2013.

– Det viktige her er at ho får moglegheita i nok ein internasjonal konkurranse. Ho vil få ei tilbakemelding etter U23-VM.

Ho vil møte dei aller beste, meiner Fiskerstrand.

– Dette blir ein god målestokk før vintertreninga.

– Har de noko mål?

– Eg tør ikkje seie noko før eg ser den endelege deltakarlista. Då kan eg bli konkret, avsluttar trenar Åke.

Dei fire andre utøvarane som skal til EM er duoen Nils Jakob Hoff (Fana Roklubb) og Kjetil Borch (Horten Roklubb), samt duoen Svein Urban Ringstad og Thomas Elholm (begge Bergens Roklubb).

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL