Etter å ha blitt nummer to i både forsøksheat og semifinale, kvalifiserte Tale Fiskerstrand Gjørtz seg til EM-finalen.
EM går i Varese i Italia, og meisterskapen er 22-åringen sitt første opne seniormeisterskap.
– EM så langt viser at arbeidet etter U23-VM har vore rett. Finaleplass i hennar første seniormeisterskap er svært bra.
Det sa trenar og far Åke Fiskerstrand etter semifinalen.
Langt bak pallen
Litauen var soleklar favoritt i EM-finalen i singelsculler for kvinner, men Fiskerstrand var uansett positiv.
– Med full klaff kan alt skje. Dei beste kan ha ein dårleg dag òg. Men vi er fornøgde med éin medalje, sa Fiskerstrand, og refererte til at herreduoen Hoff/Borch òg var i finale.
Dei tok bronse i dobbelsculler søndag formiddag.
For Fiskerstrand Gjørtz enda det med femteplass. Ho kom i mål 13 sekund etter suverene Donata Vistartaite frå Litauen.
Fiskerstrand Gjørtz låg sist etter 1000 meter, men avanserte éin plass i siste halvdel av løpet. Opp til bronsemedaljen var det neste åtte sekund.
Serbia tok sølvmedaljen, medan Estland sikra sølvet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: