Hopp til innhold

Naudnettet fungerte ikkje då bygda var i krise – feilen skuldast dieselmangel

STRANDA (NRK): Då bygda vart fullstendig isolert skulle det prestisjefylte naudnettet vere redninga for Geiranger. Slik gjekk det ikkje.

Geiranger

UTAN KONTAKT MED OMVERDA: For to veker sidan vart Geiranger på Sunnmøre brått isolert frå omverda. Først gjorde eit skred at ein ikkje kunne kome seg til og frå bygda. Deretter vart både straum, mobilnett, internett og naudnett slått ut.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Det skal ikkje gå an. Eg blir matt. No må nokon ta tak og få rutinane på plass, seier Frank Sve, styreleiar i Åknes/Tafjord Beredskap IKS og Framstegspartiet sin gruppeleiar på fylkestinget i Møre og Romsdal.

Naudnettet har kosta Norge mellom seks og sju milliardar kroner.

Likevel viser det seg at det framleis ikkje alltid fungerer når det skal.

– Ikkje godt nok

Naudnett Stranda

Frank Sve med Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad til høgre.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Måndag 14. januar gjekk alt gale i bygda Geiranger i Stranda kommune på Sunnmøre.

Bygda vart isolert som følgje av eit ras. Dessutan forsvann både straumen, internett og mobilnettet.

Då skulle naudnettet vere redninga for at innbyggjarane i Geiranger kunne gi eller ta imot viktige beskjedar frå omverda.

Men heller ikkje naudnettet viste seg å fungere, noko som fekk Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) til å reagere sterkt.

– Systemet er ikkje godt nok. Det er veldig spesielt at ein allereie etter første stormnatta i det nye året opplever at naudnettet ramlar ut, sa Tryggestad.

Tomt for diesel

No viser det seg at feilen skuldast at dieselaggregatet som skulle halde i gang den eine basestasjonen i bygda rett og slett gjekk tom for drivstoff og slokna. Det skjedde 11 dagar før krisesituasjonen 14. januar. Likevel vart det ikkje gjort noko med det.

Stein Roger Lidal

Ambulansearbeidar Stein Roger Lidal.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

At noko slikt skulle skje har sjokkert mange, ikkje berre Frank Sve og Jan Ove Tryggestad. Berre i januar har 1,5 millionar samtalar blitt gjennomførte gjennom naudnettet.

– Naudnettet er veldig viktig for oss. Det er der vi får alle typar varsel når vi er på oppdrag, seier Stein Roger Lidal, ambulansearbeidar i Helse Møre og Romsdal.

– Ein uønskt situasjon

Tysdag møttest fleire sentrale aktørar på Stranda for å evaluere kva som hadde skjedd i Geiranger frå 14. til 15. januar. Einigheita var stor om at ein ikkje kan oppleve liknande fadesar fleire gonger.

Direktør i DSB, Cecilie Daae

Cecilie Daae i DSB.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Dette var ein heilt uønskt situasjon som skuldast fleire uheldige hendingar. Det er bra vi får vite om slike episodar slik vi kan gjere noko med problemet, seier direktør Cecilie Daae i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), som var blant dei frammøtte.

Daae meiner likevel at det mellom seks og sju milliardar dyre naudnettet, vedteke av Stortinget i 2004 og opna i 2015, har vore ei nyttig investering.

– Dette er den viktigaste investeringa innan samfunnstryggleik og beredskap dei siste 20 åra, seier direktøren.

Som legg til at ho håper innbyggjarane i Geiranger og Stranda føler at dei blir tekne på alvor.

Ekstra ferge mellom Hellesylt og Geiranger

Ei beredskapsferje vart redninga då Geiranger vart isolert for to veker sidan. Ferja var på plass nesten eit halvt døgn etter at bygda vart isolert.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL