NRK Meny
Normal

Gjekk frå underskot til overskot

Bedrifta GC Rieber i Kristiansund greidde å snu den negative trenden. No satsar dei stadig meir på forsking og Omega 3-produkt.

Jan Roger Bjerkestrand og Atle Jacobsen

an Roger Bjerkestrand, administrerande direktør i GC Rieber Oil og Atle Jacobsen, sals- og marknadsansvarleg, ser lyst på framtida.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

– Vi har nyleg lukkast med ei omstilling av bedrifta som betyr at vi no tener pengar på botnlinja. Dette skuldast ei omstilling der vi har kvitta oss med gammal og enkel produksjon, og investert kraftig i ny og avansert produksjon, seier Jan Roger Bjerkestrand, administrerande direktør i GC Rieber Oil.

Selskapet insisterte tidlegare i år i underkant av 70 millionar kroner for å auke produksjonskapasiteten av Omega 3-olje av høg kvalitet.

– Det ser ut som om helse blir meir og meir viktig for alle generasjonar. Det er vekst i marknaden, og vi prøvar å posisjonere oss slik at vi kan ta del i denne veksten, seier Bjerkestrand.

Ser lyst på framtida

Etter nokre utfordrande år, har selskapet no klart å snu trenden og auka produksjonen kraftig.

– Dei omstillingane vi har gjort betyr at selskapet vårt har blitt meir berekraftig og betre rusta for framtida, seier Bjerkestrand.

Atle Jacobsen, sals- og marknadsansvarleg, ser lyst på framtida.

– Vi har nesten firedobla produksjonen dei siste åra. Det har tatt tid, men vi merkar at etterspørselen stadig aukar, seier han.

Ønskjer å tilsette fleire

Selskapet har i dag om lag 50 tilsette. Og medan andre bedrifter må seie opp folk, ønskjer GC Rieber no å tilsette enno fleire.

– Vi har valt å satse meir på blant anna forsking og utvikling og tilsett difor fleire forskarar og høgt utdanna personar, men vi treng meir av alt, seier Bjerkestrand.

Og til trass for at det er mangel på lærlingplassar fleire stadar i landet, er det ikkje tilfellet for GC Rieber.

– Vi har som mål å ta inn minst sju lærlingar. Vi føler at det er ein god ressurs, samtidig som vi føler eit ansvar for å støtte opp om dei utdanningane her i Kristiansund. Det er viktig å tenke langsiktig i forhold til arbeidskraft, seier Bjerkestrand.

Høyr innslaget frå lokala til GC Rieber i Kristiansund.