Hopp til innhold

– Målet er å prøve og vinne

Over 200 unge svømmarar frå heile landet er denne helga samla i Kristiansund for tre dagar med konkurransar.

Årsklassemeisterskapet (ÅM) i svømming på Atlanterhavsbadet i Kristiansund.

SVØMMING: Unge i alderen 13 til 16 frå heile landet er denne helga samla i Kristiansund for å konkurrere med kvarandre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fleire svømmetalent frå Møre og Romsdal skal i helga i aksjon under årsklassemeisterskapet (ÅM) i svømming.

For dei lokale utøvarane er målet å prestere betre enn dei har gjort tidlegare. Blant dei finst det også nokre medaljekandidatar.

– Målet er jo å prøve og vinne. Eg trur eg har ein reell sjanse, seier Selma Remøy Kvalsund frå Aalesunds svømme- og livredningsklubb.

– Målet mitt er å ta ny personleg rekord, seier Olivia Refsnes Teigland, som også er frå Ålesund.

– Eg håper å forbetre tida mi og kome lenger opp på lista enn eg er frå før. No er eg på 19. plass, seier Mathilda Røsgaard Gaupseth frå Kristiansund svømmeklubb.

Filippa Rahnel, Selma Kvalsund, Olivia Refsnes Teigland, Felix Holm, Matilda Røsgaard Gaupseth, Aksel Mørkedal Torske, Adrian Jung Leine og Jonah Kongshaug Johnsen.

Filippa Rahnel, Selma Kvalsund, Olivia Refsnes Teigland, Felix Holm, Matilda Røsgaard Gaupseth, Aksel Mørkedal Torske, Adrian Jung Leine og Jonah Kongshaug Johnsen deltek alle i Kristiansund i helga. Dei kjem frå svømmeklubbar i Ålesund, Molde og Kristiansund.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Konkurrerer i ulike øvingar

Over tre dagar skal totalt 247 ungdomar i alderen 13 til 16 år konkurrere mot andre på sin eigen alder.

– Det er som eit NM. Det er dei 30 beste i både jente- og gutekullet som konkurrerer mot kvarandre, seier Adrian Jung Leine frå Aalesunds svømme- og livredningsklubb.

Årsklassemeisterskapet (ÅM) i svømming på Atlanterhavsbadet i Kristiansund.

Ein av svømmarane i aksjon under konkurransen i Atlanterhavsbadet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I motsetning til andre nasjonale meisterskap er det under årsklassemeisterskapet i svømming (ÅM), krav til kva øvingar kvar utøvar skal svømme.

Noko av målet med ÅM er nemleg å stimulere unge utøvarar til å trene allsidig og satse på ulike stilartar. Ein ønskjer også at dei unge svømmarane skal behalde idrettsgleda og vere i idretten så lenge som mogleg.

I løpet av helga skal ungdomane i kvar aldersgruppe konkurrere i fem ulike øvingar.

– Desse er 400 meter fri, 200 meter rygg, 200 meter bryst, 200 meter medley og 100 meter butterfly, fortel Erik Jørgensen, stemneleiar i Kristiansund svømmeklubb.

Til slutt blir det kåra både individuelle og samanlagtvinnarar, fortel han.

– Vi tel fire av dei fem øvingane samanlagt og så skårar vi landets mest allsidige gut og jente i 13-16-årsalderen.

Årsklassemeisterskapet (ÅM) i svømming på Atlanterhavsbadet i Kristiansund.

Mange følger spent med på konkurransane i Kristiansund i helga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frå heile landet

Jørgensen fortel at det er stort for dei å få arrangere det nasjonale svømmetreffet i Kristiansund.

Erik Jørgensen, stemneleiar i Kristiansund svømmeklubb.

Erik Jørgensen, stemneleiar i Kristiansund svømmeklubb, seier det betyr mykje for die å få arrangere den nasjonale svømmekonkurransen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

At svømmarar frå nord til sør er samla for å konkurrere gjer det ekstra spennande, fortel stemneleiaren.

– Det er kjempestort. Det som er gøy med slike stemne er at du har éin svømmer frå Tana, to frå Vadsø, tre frå Kristiansund og 20 frå Bærum og andre svømmeklubbar som er større.

– Det er 68 forskjellige klubbar frå heile Noreg som er samla her, seier Jørgensen med eit smil.

Les også Noreg ligg på botnen: – Vi blir nøydde å fylle bassenga i langt større grad

Isabell Strømland

Les også Slik lærer du barna dine å svømme i sommer

Svømmetrening ved Stavanger Svømmeklubb