Hopp til innhold

Ny Omega 3-fabrikk i Kristiansund

GC Rieber Oils i Kristiansund og Natural i Ørsta vil samarbeide om ein ny Omega3-fabrikk. Det er snakk om nye produkt innan helsekost og farmasøytisk industri.

Om tre år kan fabrikken gi arbeid til 20-30 personar,seier administrerande direktør i GC Rieber Oils, Arne Alnæs.

Råvareforedling og teknologiutvikling

GC Rieber Oils i Kristiansund med ca. 25 tilsette driv med foredling av fiskeolje og har ein stor produksjon i internasjonal samanheng. Natural ASA i Ørsta arbeider med teknologiutvikling på området helsefremjande feittstoff.

Det nye selskapet

Produksjonen i den nye fabrikken byggjer på halvfabrikata frå raffineriet til GC Rieber Oils i Kristiansund. Den felles satsinga vil gje norsk teknologi på dette området ein leiande posisjon i verdssamanheng, seier administrerande direktør Jostein Dalland i Natural.

Produksjonen ved det nye anlegget i Kristiansund skal vere i gang for fullt frå hausten 2009. Fram til då skal produksjonen foregå ved Naturals Senter for lipidteknologi i Ørsta, der det er lagt til rette for ein mellomstor produksjon. Den første produktlanseringa kan ventast sommaren 2007.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL