Visste du at Eikesdalen har den største Hasselskogen i Nord-Europa, og at det har budd eikesdalingar her i 11 000 år? Det er noko av det du kan lære i den rykande ferske boka «Eikesdalen – det finst berre ein».
Lanseringsfest
STOLT: Marit Wadsten er så glad i bygda si at ho har gitt ut bok.
Foto: Olaug Bjørneset / NRKMarit Wadsten er primus motor for bokprosjektet, men ho har fått med seg mange engasjerte fotografar og forfattarar frå bygda. Alle har fått skrive om det som engasjerer dei, og resultatet er ei bok med svært varierte historier frå den ville og vakre dalen.
– Eg tenkjer at boka i første omgang blir kjøpt av folk i nærområdet, men kanskje ein dag så står det nokon og blar i boka hjå ein bokhandlar i Oslo, og tenkjer; hit, hit må vi reise!
Og bokprosjektet vart eit heilstøypt Møre og Romsdal-prosjekt. Boka er gitt ut av Blomsterhaug forlag på Nordmøre, formgjeving er det Språksmia i Valldal på Sunnmøre som har tatt seg av, og Marit Wadsten er redaktøren frå Eikesdalen.
Champagnecruise
CRUISE: Boka vart presentert på champagnecruise på Eikesdalsvatnet.
Foto: Roar Strøm / NRKKvart år er det også champagnecruise for damer på Eikesdalsvatnet. Der vart den nye boka presentert for om lag 50 damer laurdag kveld.
– Eg er så stolt over det vi har fått til. Det tok si tid frå første tanken vart sådd i 2009, men no står eg her med boka vår i handa, seier Wadsten.
Per Jordhøy, John Bjarne Jordal, Paula Utigard Sandvik, Bjørn Austigard, Kristoffer Dahle og Dag Ringstad er dei andre forfattarane i boka.