Hopp til innhold

Sikra kontraktar for ein milliard

I løpet av dei fire siste månadane har reiarlaget sikra seg nye kontraktar, og forlengingar av eksisterande, verd nærare ein milliard kroner, melder Island Offshore.

Island Dragon

Biletet er teke i desember i fjor under sjøsettinga av Island Dragon ved VARD Braila verftet i Romania.

Foto: Island Offshore Management AS

Island Offshore held fram med å vinne kontraktar. Island Offshore har ei av verdas mest moderne offshoreflåtar, og dei tel 30 fartøy inkludert noverande nybyggingsprogram. Island Offshore får i løpet av året fem nybygg, skriv selskapet i ei pressemelding fredag.

– Vi er godt nøgde med desse kontraktane inngått med strategiske og viktige kundar. Vi har ein attraktiv flåte å tilby marknaden, og i løpet av 2014 tek vi levering av til saman fem nybygg, der tre alt er under kontrakt, seier fraktsjef Hallgeir Linge Reitan i Island Offshore.

– Eit steg mot fornybar energi

Island Pride er tildelt ein fem månadskontraktar med Maersk Oil. Island Pride er framleis under ferdigstilling og skal leverast i slutten av mars 2014 frå Vard Brevik.

Også Island Crown har fått kontrakt på walk-to-work arbeid, med ei kontraktlengde på to månader. Kontrakten er med Trianel Windkraft Borkum Gmbh & Co. KG, som også har ytterlegare opsjonar på fartøyet. Som eit ledd i å vinne denne kontrakten har Island Crown køyrt eit omfattande testprogram offshore med stor suksess.

– Vi set pris på at Trianel vel å skrive kontrakt med oss etter testperioden før jul. Dette viser at dei har tru på fartøyet og oss som tenesteleverandør, og det er eit steg for oss inn i eit marknad vi ynskjer å vere i, nemleg fornybar energi, seier Linge Reitan.

– At tre av dei no set kursen mot Afrika er ein ny milepæl for oss, sidan vi hovedsakleg har halde til i Nordsjøen

Fraktsjef, Hallgeir Linge Reitan, i Island Offshore

Brønnstimulering

Vidare har Stimwell tildelt Island Patriot nye to år med brønnstimulering for selskapet. Dette er forlenging av ei kontrakt som har sprunge sidan båten vart ombygd til dette formålet i 2010.

Nybygget Island Dragon som skal leverast i juni har blitt tildelt ei kontrakt med Lundin Norway i forbindelse med operasjon på Edvard Grieg feltet. Kontrakten gjeld for 12 brønnar.

Set kursen mot Afrika

Søsterskipa til Island Dragon bevegar seg derimot mot varmare strøk, for kontraktar med Kosmos Energy og Anadarko.

– At tre av dei no set kursen mot Afrika er ein ny milepæl for oss, sidan vi hovudsakleg har halde til i Nordsjøen, seier Linge Reitan.

Island Duke har nett teke til på ein 90 dagars jobb i Marokko for Kosmos Energy. Seinare på våren kjem også Island Duchess og Island Dawn sørover. Desse kontraktane er forventa å sysselsetje kvart av fartøya i om lag 200 dagar, med moglegheit for ytterlegare forlenging.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL