Statens forureiningstilsyn la i dag fram ein rapport som viser at fleire giftstoff finst i botnlaga og i dyrelivet på botnen av Borgundfjorden, Heissafjorden og Aspevågen ved Ålesund.
Gift frå fleire kjelder
Forutan bromerte flammehemmarar er det funne kvikksølv og andre tungmetall, og dessutan restar av gammal botnmåling frå skip som skriv seg frå verft i området. Slik botnmåling har vore forboden sidan 2003.
Fisk og sjødyr kan etast
Mattilsynet meiner at funna i rapporten ikkje tyder på nokon auka fare med å ete fisk frå dei to fjordane, men åtvarar framleis mot å ete fisk og sjødyr frå inst i Åsefjorden, ved Spjelkavika.
Tiltaksplan
Det er i dag også lagt fram ein tiltaksplan som i hovudsak går ut på å dekkje til dei forureina områda ved Fiskerstrand Verft på Sula og Buholmstranda og Aspevågen i Ålesund. Ved det gamle industriområdet til Liaaen-verftet ved Aspevågen er det mistanke om at avfall som kan skade miljøet er lagt i fyllingar i strandkanten, og såleis også er brukt til å opparbeide nytt industriareal.
Alt dette vil koste ein stad mellom 70 og 100 millionar kroner.