Hopp til innhold

Generalprøve mot Sogndal

På tross av snøveret avslutter MFK påskeferien med treningskamp mot Sogndal klokka 16.00 i dag.

Snøryddinga er i gang.
Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Kjell Jonevret

MFK-trenar Kjell Jonevret.

Foto: Arne Flatin / NRK

- I dag skal vi prøve ut litt nytt som vi har trent på, men vi veit omlag korleis vi ligg an framfor sesongstart, seier MFK-trenar Kjell Jonevret.

Tek ingen sjanser

I ettermiddag møtes MFK og Sogndal til generalprøve før sensongstart neste helg. Nokre skader fører til at MFK ikkje stiller med serielaget.

- Vi har noko fråfall på grunn av sjukdom og skader og med berre seks dagar att til seriestart tek vi ingen sjanser, seier Jonevret.

Trygg på formen

Molde-trenaren er ikkje spesielt nervøs framfor siste treningskamp.

- Etter dette blir det ikkje fleire privatkampar før sesongen, men vi veit omlag kvar vi ligg. Vi har vore stabile og spelt godt i det siste.

- Vi vil halde fram med å fokusere på å skape sjansar, samstundes som vi har fått til eit stabilt forsvarsspel i det siste. Det hadde vore fint om vi kunne halde fram slik, seier han.

Møter gamlelaget

Nykommar Brian Waltrip møter gamlelaget sitt Sogndal i dag. Det trur trenaren går bra.

- Brian skal spele i dag, men det trur eg han berre tykjer er morosamt. Det er nok ingen problem, seier Jonevret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL