Veterinær og brannmannskap rykka ut til Eidsdal i Fjord kommune etter at golvet i ein geitefjøs kollapsa. Dei fekk meldinga klokka 12.27.
Brannvesenet har mandag drive redningsarbeid på staden. Men dei aller fleste dyra som ramla i gjødselkjellaren har drukna.
Først trudde ein det var snakk om rundt 40 geiter. Men i ei oppdatering på Twitter rundt klokka 16.15 skriv brannvesenet at 73 av totalt 250 dyr døydde i golvkollapsen.
– Alle som ramla ned omkom. Vi fekk ut ei, men ho var såpass skadd at den omkom den også, seier Nils Bjerknes i brannvesenet.
Det var bonden sjølv som meldte frå om hendinga.
Brannmannskapet var utstyrt med røykdykkarutstyr på grunn av dei farlege gassane.
Foto: Remi Sagen / NRKOver 170 overlevde
Det var 170 geiter til i fjøset, som ikkje datt ned i gjødselkjellaren. Desse er framleis inne i fjøset.
– Dei blir nok i fjøset framover. Det er berre delar av fjøsgolvet som har kollapsa, og ein kan bruke delar av fjøset, seier brannsjef i Fjord kommune Inge Teigen til NRK rundt klokka 18.
Brannvesen både frå Geiranger og Eidsdal med 10–12 personar deltok i redningsaksjonen. I tillegg var naboar og andre gardbrukarar på staden. Det har også vore ambulanse på staden fordi arbeidet som føregjekk var farleg.
– Det er skite og farleg arbeid. Det er mykje gassar i gjødsla, sa Brian Morrison, som er operatør ved 110-sentralen.
Brannvesenet hadde då ventilert fjøsen.
Teigen seier at arbeidet var krevjande.
– Det er utfordrande fordi det er gass der som vi må beskytte oss mot. Dei som er inne brukar røykdykkarutstyr. I tillegg jobbar vi for å sikre resten av dyra slik at dei ikkje fell ned i gjødselkjellaren.
Det var bonden sjølv som melde frå til naudetatane om at golvet i geitefjøset hadde kollapsa.
Foto: Remi Sagen / NRKFekk pusteproblem
Bonden, som også deltok i redningsarbeidet, fekk pusteproblem etter å ha blitt eksponert for gass.
Det vart først tilkalla luftambulanse på grunn av den lange avstanden til sjukehus, men den skal ifølge politiet ha returnert.
– Det var ikkje meir alvorleg enn at han blei tatt med til legevakt for sjekk. Han skal ikkje vere alvorleg skadd, men hadde pusteproblem og blir difor undersøkt av helse, seier Mork.
Brannsjef Teigen seier til Sunnmørsposten at ytterlegare to personar er sendt til legevakt etter å ha fått i seg gass.
– Dei må ha ein legesjekk, seier han til NRK.
Om lag alle dei 40 geitene som datt ned i gjødselkjellaren skal vere døde.
Foto: Britt Ingunn Maurstad / StorfjordnyttJobbar med å hente ut dyra
No startar arbeidet med å tømme gjødselkjellaren og få ut dei døde dyra. I tillegg må ein omplassere dei andre geitene i fjøsen. Dette arbeidet kjem til å halde fram utover ettermiddagen.
– Kva er årsaka til kollapsen?
– Så langt har vi ikkje kome endå. Det skal vi finne ut av etter kvart. Vi vil undersøke saka utover dagen, seier Mork.
Han seier vidare at det er uklart om det blir ei politisak ut av hendinga.
– Vi vil i alle fall gjere nokre undersøkingar og vurdere det, seier Mork.