Går av som MFK-sjef

Øystein Neerland går av som administrerande direktør i Molde Fotball AS og dagleg leiar i Molde Fotballklubb ved årsskiftet. Styra i Molde Fotball og MFK startar no arbeidet med å finne etterfølgaren til den tidlegare storscoraren. 55-åringen har vore MFK-sjef sidan 2015, og går av etter eige ønske.

Øystein Neerland
Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK