Hopp til innhold

Fylkesutvalet utset jazzhusbehandling

Fylkesutvalet vedtok i formiddag å utsette behandlinga av økonomisk støtte til bygging av eit nytt teater- og jazzhus på Gørvellplassen i Molde.

Det danske firmaet 3XN vann arkitektkonkurransen om teater- og jazzhus i Molde.

Tidlegare i veka gjorde formannskapet i Molde det same, til kraftige protestar frå leiarane for dei kulturinstitusjonane som er tenkt å få plass i det nye bygget.

Dagleg leiar for Molde Jazz, Jan Ole Otnæs, er ikkje bekymra.

Får fylgje sitt tempo

Festivalsjef Jan Ole Otnæs i Moldejazz
Foto: Picasa 2.7

- Dersom denne utsetjinga hadde betydd at vi kjem heilt ut i juni hadde det vore bekymringsfullt. Men vi har fått forsikring om at ein set eit ekstraordinært fylkesutvalsmøte i samband med fylkestinget i april, seier Otnæs.

- Dermed får vi behandla saka i det tempoet vi har ynskt.

Bakgrunnen for utsetjinga er at det er usikkerhet rundt finansieringa av prosjektet. I samband med fylkesutvalsmøtet har Otnæs vore i møte med partia om denne saka.

- Vi var i møte med partigruppene torsdag, og fekk klare forsikringar frå samtlige grupper på at dei støttar prosjektet, og syns det er viktig, og ønsker å sjå det gjennomført, fortel festivalsjefen.

Ny behandling i april

- Eg forstår også at dei har eit behov for å sjå om det kjem reaksjonar i formannskapet i Molde den 14. april, så slik sett har eg forståing for det, seier han.

No skal saka også behandlast på eit ekstra fylkesutvalsmøte i Geiranger, på fylkestinget 22. og 23. april og i kommunestyret dagen etter.

- Det er ganske betryggande, seier Otnæs.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL