Hopp til innhold

Slik kan jazz- og teaterhuset bli

Tanken om eit hus for teater og jazz på Gørvellplassen i Molde er i ferd med å ta form. På rådhuset i Molde kan publikum no sjå dei fire arkitektforslaga som går vidare i konkurransen.

 

Arkitekt Kjell Vatne på Gørvelplassen

Juryformann arkitekt Kjell Vatne ser fram til en ny Gørvelplass med jazz- og teaterhus i stedet for parkeringsplasser.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Frå parkeringsplass til levande kultursenter?

Gørvellplassen i Molde har lenge vore mest prega av parkerte bilar - ikkje blant dei stadene i byen moldensarar helst viser fram. Mange tente på tanken om gjere den litt triste plassen til eit pulserande hjarte i byens kulturliv. Bak prosjektet står Teatret Vårt, Moldejazz, Bjørnsonfestivalen, Kunstnersenteret Møre og Romsdal og Molde kommune.

Tidlegare i år blei det invitert til ein konkurranse om utforminga av den nye Gørvellplassen med eit nytt hus for jazz, teater og andre aktivitetar. Det kom inn heile 22 forslag.

 

Mange utanlandske

- Vi hadde store forventningar, og dei er blitt innfridde. Særleg er det interessant at det kom så mange forslag frå utlandet. Det kjem kanskje av at jazzfestivalen er så godt kjend internasjonalt, seier juryformann Kjell Vatne.

- No har vi hatt ei prekvalifisering og valt ut fire forslag som skal vurderast vidare. Vi må tenkje på korleis heile Gørvellplassen skal bli, også forretningar og bustadhus er med i prosjektet. Det skal dannast eit selskap som styrer denne prosessen, og der blir dei som har eigedomar ved plassen representerte. Nokre bygningar opp mot Sandvegen må rivast, og det er meininga at bilane mest mogleg skal vekk frå plassen. Føresetnaden er at det skal komme eit underjordisk parkeringsanlegg, seier juryformann Kjell Vatne, som elles fortel at Trappekiosken snart har sett sine siste dagar - den må rivast.

Torsdag i neste veke blir det avgjort kven vinnaren av arkitektkonkurransen blir.

 

Jazzhuset lagt til den austre delen av Gørvellplassen:

KaNoN - arkitektforslag til jazz- og teaterhus i Molde

KaNoN

 

 

Ursonate - arkitektforslag til jazz- og teaterhus i Molde

Ursonate

 

 

Huset lagt til den vestre delen:

Plassen - arkitektforslag til jazz- og teaterhus i Molde

Plassen

 

Tornerose 1 - arkitektforslag til jazz- og teaterhus i Molde

Tornerose (sett ovenfra)

 

Tornerose 2 - - arkitektforslag til jazz- og teaterhus i Molde

Tornerose (nede på bakkenivå)