Hopp til innhold

Fylkestinget sa ja til mobbeknapp

Fylkestinget vedtok i ettermiddag å innføre ein mobbeknapp i dei vidaregåande skulene i Møre og Romsdal. Det var Erik Kursetgjerde (Ap) og Line Hoem (Ap) som fremma forslaget gjennom ein interpellasjon. Kursetgjerde meiner det vil gjere det lettare å melde frå om mobbing. Ein mobbeknapp er ein firkant på fronten av heimesida. Når ein elev trykkjer på knappen kjem det opp eit skjema der eleven kan fylle inn namn og hending. I Nordland er det allereie innført ein mobbeknapp.

Erik Kursetgjerde
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL