I løpet av helga vil ungdomar frå heile landet konkurrerer i ein rekke øvingar. Rundt 150 frivillige frå Ulstein og frå idrettskretsen skal bidra til at arrangementet går som smurt.
Alt i den fyrste av totalt åtte konkurransar, sikra den lokale storfavoritten Karsten Warholm sitt første meisterskapsgull fredag.
- Les også:
To gull til Warholm
Under øvinga 60 meter hekk, sprang Warholm inn til ein komfortabel siger. Han kom inn til tida 7,82, som er ny personleg rekord for 19-åringen frå Ulsteinvik.
Seinare på kvelden imponerte han også under 400-meteren der han fekk ei sterk tid, berre ein tidel bak den ferske rekorden han sette på 47,25, og kunne feire sitt andre gull for dagen.
Men Warholm er ikkje aleine. Konkurrentar frå fleire stadar i Møre og Romsdal skal i løpet av helga delta i ulike øvingar i Ulsteinhallen.
– I tillegg til Karsten Warholm er Toralv Opsahl frå Ålesund ein av dei store gullkandidatane i dette meisterskapen, seier stemneleiar Arve Hatløy.
– UM i Haugesund i fjor blei ein stor suksess for utøvarane frå Møre og Romsdal. Vi håper på ein gjentaking i Ulsteinvik, seier Hatløy.