Hopp til innhold

Fullstendig overtent

Løa som brenn på Kleive i Molde skal vere fullstendig overtent. Det skal vere mykje brennbart materiale i bygget i form av fleire campingvogner og køyretøy som kan innehalde både drivstoff og gass. Slik det ser ut no skal det ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg. Brannvesenet er på veg til staden med åtte bilar. Det opplyser 110-sentralen i Møre og Romsdal til NRK.