Hopp til innhold

Fryktar fugleinfluensa i fuglefjellet på Runde

– Dette er svært uheldig midt i hekketida, seier ornitolog Alv Ottar Folkestad.

Død havhest ved fuglefjellet på Runde

Denne døde havhesten blei observert ved fuglefjellet på Runde, og feltoperatør Ingar Støyle Bringsvor i BirdLife Norge seier fugleinfluensa er sannsynleg dødsårsak.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Det er eit yrande liv i landets sørlegaste fuglefjell for tida, med høgsesong for hekking. Reira i fjellet er fulle av små, svoltne nøster. Fuglane stuper inn og ut av den bratte fjellsida med mat, og på toppen av fjellet står folk frå heile verda klar med kamera for å forevige skuet.

Men no trur ornitologar at dei sårbare sjøfuglbestandane har fått ei ekstra utfordring.

Alv Ottar Folkestad på Runde

Ornitolog Alv Ottar Folkestad har følgt utviklinga på Runde i ein mannsalder.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Observert høgt til fjells

Døde sjøfugl flyt langs norskekysten, og det er bekrefta fugleinfluensa blant fleire av dei.

– Det er høg sannsynlegheit for at dei døde fuglane vi finn ved Runde også er smitta av fugleinfluensa, seier den erfarne ornitologen Alv Ottar Folkestad.

Det var lokalavisa Vestlandsnytt som skreiv om saka først.

Han fortel også at havsuler er observert høgt til fjells, der dei absolutt ikkje høyrer til.

– Det er typisk for fugleinfluensa. Dei som er smitta mister totalt orienteringsevna, seier han.

Les også Frykter fugleinfluensa i koloni med kritisk truet sjøfugl

Lomvikoloni på Hornøya

Observasjonane ved Runde stemmer overeins med statusrapporten til Veterinærinstituttet.

Dei slår fast at det er meldt om eit stort tal havsuler utanfor sitt normale habitat, og at det er gjort observasjonar av svekka og unormalt tamme havsuler i kystområda i Noreg. Det er også funne mange døde havsuler i Nordsjøen, og fire av dei vart plukka opp og det blei påvist fugleinfluensa.

Veterinærinstituttet trur difor havsulene er spesielt sensitive for viruset.

Død havørnunge i reir på Smøla

På Smøla er det funne døde havørnungar i fleire av reira.

Foto: Espen Lie Dahl

Døde havørnungar

Også på Smøla på Nordmøre er det gjort urovekkande funn. I fleire av havørnreira er det funne døde ungar. Biolog Espen Lie Dahl tok prøver av den eine havørnungen og det blei påvist fugleinfluensa.

Vi fekk berre tatt prøver av ein av dei døde ungane sidan dette dødsfallet hadde skjedd nyleg, men vi mistenker at dei andre har døydd av same årsak, seier Dahl.

Det er om lag 50 hekkande havørnpar på Smøla. Biologen meiner dette er den dårlegaste hekkesesongen på 20 år og fryktar kva som vil skje dersom dei vaksne fuglane blir smitta.

Det er langt meir alvorleg enn eit dårleg hekkeår, seier Dahl.

Død havsule ved Sandsøya på Sunnmørskysten.

Det er mange døde fuglar som flyt langs kysten, fortel ornitologane. Denne døde havsula vart observert på Sunnmørskysten.

Foto: Ingar Støyle Bringsvor

Kan ikkje gjere noko

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier dei ikkje kan gjere anna enn å observere det som skjer i fuglefjellet på Runde.

Han trur influensaen vil gjere eit stort innhogg i havsulbestanden, ein av få sjøfuglartar som har klart seg godt siste åra.

– Det er heilt umogleg å gå inn og hindre at mange fuglar døyr. Det er trist det som skjer, at den eine arten som har klart seg godt ser ut til å bli hardast ramma av fugleinfluensa, men samtidig skal vi vere klar over at naturen regulerer store bestandar på denne måten, seier han.

Havsule-kolonien på fuglefjellet på Runde

Det er høgsesong for hekking i landets sørlegaste fuglekoloni.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK