Hopp til innhold

Fjøs i ferd med å kollapse – har berga ut dyra

Driftsbygninga på ein gard i Isfjorden i Rauma er i ferd med å kollapse. 37 storfe og ein hest er berga ut.

Dyra er berga ut, unhjem gard.

37 STORFE OG EIN HEST: Alle dyra skal no vere berga ut.

Foto: OTTAR RYDJORD

37 storfe og ein hest er no berga ut frå andre etasje og er utanfor fare.

– Naudetatane jobbar med å sikre området. Vi forsøker å få tak i ei gravemaskin for å byggje ein demning på nedsida av fjøsen, opplyser Arnfinn Klausen ved 110- sentralen i Møre og Romsdal.

Bygninga står i fare for å kollapse når som helst. Eine veggen bular kraftig utover. Ein frykta lenge at spaltegolvet som dyra sto på skulle rase ned i gjødselkjellaren.

– Mattilsynet er kontakta og vi arbeider i samråd med dei for å finne ein eigna plass å flytte dyra til, seier Klausen

Gjødselkjellaren skal vere relativt full, så det kan føre til ein stor lekkasje om veggen rasar.

Fjøsveggen bular ut.

BULAR UT: Fjøsveggen er ustabil og det lek ut gjødsel.

Foto: OTTAR RYDJORD

Politi, brannvesen og kommune jobbar med å sikre fjøsen, som skal stå i fare for å rase saman.

Politiet fekk melding like før klokka halv fire i ettermiddag om lekkasje frå ein gjødselkjellar og at det kan vere fare for at bygget vil kollapse.

Laster Twitter-innhold

Operasjonssentralen til Møre og Romdal politidistrikt opplyser at dei klokka 18.00 reiser frå staden.

– Vi opprettar sak for å undersøke kva som har skjedd. Heldigvis blei verken folk eller dyr skada, seier Tove Anita Aps, operasjonsleiar.

Dyr utanfor fjøs i rauma.

DYRA ER BERGA: Alle dyra som var i fjøsen skal no vere utanfor fare.

Foto: OTTAR RYDJORD

ISFJORDEN I RAUMA

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL