Øydeleggande
Dette kan få øydeleggande verknader for satsinga, seier reiselivssjef Geir Gjærde.
Han håper på fortgang i arbeidet med å få bygd ein tunnel slik at det blir heilårsveg mellom Geiranger og Skjåk.
Ei nasjonal sak
Dette er ikkje berre ei Geirangersak seier Gjerde. Dette råkar turistnæringa i heile landet fordi dei ikkje kan arrangere rundturar på den populære strekninga. Det er snakk om 14 kilometer og eg trudde at Statens Vegvesen i 2005 kunne gjere fleire forsøk på å sette snømassane i bevegelse,seier ein oppgitt reiselivssjef.