Frp: – ikkje statlege sjukehuspengar

Stortingsrepresentant Jan Steinar Engeli Johansen (Frp) meiner det ikkje er realistisk å tru at Helse Møre og Romsdal får meir pengar frå staten til å bygge eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal i Molde. Til Sunnmørsposten (krev innlogging) seier Engeli Johansen at bygginga ikkje har passert noko "point of no return". Han seier at det må bli økonomien i helseføretaket som avgjer om det er mogleg å bygge det nye sjukehuset. Administrasjonen i helseføretaket lagt opp til eit kutt på 214 millionar kroner neste år, og ytterlegare 400 millionar fram til 2021, for å få pengar til å starte bygging.

Jan Steinar Engeli Johansen
Foto: Bjørn Inge Bergestuen