Hopp til innhold

Fritidsfiskarar fekk avslag frå Kystverket, men kan få til ei løysing likevel

Ho balanserer seg nedpå dei store steinane på moloen i Kvalsvika i Herøy. Pia Annika Nygard likar å fiske og vil finne den beste plassen å stå. Etter siste vedlikehald frå Kystverket har den gode fiskeplassen forsvunne. No vil bygdefolket ha den tilbake.

Fritidsfiskar Pia Annika Nygard, Kvalsvika

Fritidsfiskar Pia Annika Nygard, på moloen i Kvalsvika

Foto: Arne Flatin / NRK

Denne februardagen er steinane tørre og fine, sjølv om det ikkje er enkelt å kome seg så langt ned at ein får brukt fiskestonga. Når det er regn, snø eller is på steinane er det ikkje forsvarleg å balansere her. Nygard likar å fiske. Ho er tilflyttar til bygda og seier det er vanskeleg å få godt fotfeste slik moloen har vorte.

Nyleg sende Kvalsvik grendelag eit brev til Kystverket:

«» Ved siste utbetring av moloen i Kvalsvika mista vi fiskeplassen vår på enden av moloen. Det vart vanskeleg å klatre ned til dei nedste steinane og vanskeleg å stå der.
Kvalsvik Grendelag vil med dette rette ein førespurnad om det kunne vere mogeleg at
Kystverket kunne støype ei lita "plattform" og gjere det litt enklare å kome seg ned til den. Mange ivrige, spesielt eldre kvir seg mot å klatre ned dit slik det er no.
Vi håper på eit positivt svar«»

Jon-Arnt Kvalsvik, Kvalsvika grendalag

Jon-Arnt Kvalsvik er nestleiar i Kvalsvik grendelag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Svaret frå Kystverket var negativt. Dette kunne dei ikkje gjere noko med. Nestleiar i grendelaget Jon-Arnt Kvalsvik seier til NRK at det ikkje var så mykje dei ba om, berre ein kant som folk kan stå på slik at det kunne verte tryggare å fiske.

– Det er ein populær fiskeplass både for bygdefolket og ikkje minst for turistar på sommaren, og slik det er no er det litt farleg å gå nedpå her, seier han.

Fritidsfiske er svært populært her i landet:

Synest svaret var avvisande og arrogant

Lokalpolitikar både i Herøy og i fylkeskommunen, Bjarne Kvalsvik, likte ikkje svaret sambygdingane fekk frå Kystverket. På innsida av moloen viser han fram trapper som vart laga for over 70 år sidan. Her kan folk kome seg trygt opp og ned frå båtane sine og dei kan stå der å fiske.

– Problemet er at den beste fiskeplassen ikkje er her, men på utsida og på enden av moloen, seier han og viser fram det som vart gjort då moloen vart bygd i si tid

Bjarne Kvalsvik, lokalpolitikar frå Herøy og Kvalsvika

Bjarne Kvalsvik, lokalpolitikar frå Herøy og Kvalsvika

Foto: Arne Flatin / NRK

– Sjølv då for 70 år sidan tenkte dei lenger enn dei gjer i dag, meiner Kvalsvik. Eg synest svaret frå Kystverket var både avvisande og arrogant. Eg meiner Kystverket må ta sikkerheit på alvor. Det er deira installasjon og her er det mykje folk som fiskar, og det er omtrent den einaste fiskeplassen som er her i Kvalsvika. Her er vêrhardt og vanskeleg å stå å fiske og det er ikkje trygt på desse svaberga, seier Bjarne Kvalsvik til NRK.

Kor mykje kan ein fiske som fritidsfiskar?

Kystverket kan ikkje ta ansvar for fiskeplassar

Kystdirektør Einar Vik Arset får sjansen til å kommentere kritikken frå Kvalsvika. Han har sett korrespondansen mellom grendelaget og sin eigen etat.

Han grunngjev avslaget på søknaden frå Kvalsvik grendelag:

Kystdirektør Einar Vik Arset

Kystdirektør Einar Vik Arset seier dei ikkje kan legge til rette for fritidsfiske ved dei 371 fiskerihamnene dei har ansvaret for.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har over 370 fiskerihamner langs kysten og vi prøver å skilje nokså greitt mellom det som er næringsverksemd og det som er fritidsfiske sånn prinsipielt. Det må vi nesten gjere eller så får vi mykje å stelle me, seier kystdirektøren til NRK.

Trass i dette er det mogleg å få til ei løysing, men då er det grendelaget som må ta ansvaret og ikkje Kystverket. Vik Arset seier dei er opptekne av å finne gode løysingar, og at det kan vere mogleg å få til også i denne saka.

– Grendelaget kan søke om å inngå ein privatrettsleg avtale med Kystverket for å etablere ein trygg fiskeplass. Då må dei ta ansvaret for denne sjølve. Dei vil då kunne disponere ein eigna plass på moloen til dette. Så lenge det ikkje er til hinder for fiskerinæringa eller Kystverket sine vedlikehaldsbehov så er dette ok, seier Vik Arset.

Med dette er det grendelaget som også har ansvaret for sikkerheita knytt til denne fiskeplassen. Det vert dermed opp til grendelaget å vurdere om dette er ei løysing dei vil gå for.

Det vert ofte konfliktar mellom fritidsfiskarar og yrkesfiskarar

Fritidsfiskar Pia Annika Nygard, Kvalsvika

Pia Annika Nygard har funne seg ein plass å stå på enden av moloen, men skulle gjerne ha gått litt lenger ned. Det tek ho ikkje sjansen på slik det ser ut der no.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL