Hopp til innhold

Turistar fiskar meir uer enn yrkesfiskarane

Uerbestanden er i for dårleg forfatning til at yrkesfiskarane får ta han opp. Men for turistane er det fritt fiske.

Ei blå bøtte full av oransje uer.

Det har vore ei negativ utvikling i uerbestanden, som gjer at ein har innført ganske strenge avgrensingar for yrkesfiske.

Foto: Anders Reitan

Fisketurisme har vore ei veksande næring i ganske lang tid no, medan det kommersielle fisket etter uer er kraftig redusert.

Det seier Bernt Bertelsen, seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet.

I Andfjorden, Vågsfjorden og Solbergfjorden fiskar fisketuristar meir uer enn dei kommersielle fiskarane, ifølge Fiskeridirektoratet.

I desse områda er det berekna at turistfiskarane fiska omtrent 40 tonn uer i 2022, medan yrkesfiskarane tok opp omtrent 37 tonn.

Det kan gi utfordringar for uerbestanden.

Bernt Bertelsen

Seniorrådgivar i Fiskeridirektoratet, Bernt Bertelsen seier at turistfiske i praksis er fritt.

Foto: privat

Tala kjem frå eit toårig prosjekt som Fiskeridirektoratet har fått på bestilling frå Stortinget.

Målet med pilotprosjektet er å styrke forvaltninga av kystnære bestandar. Og fjordane over er området dei testar prosjektet på.

– Målet er jo at vi skal utvikle ei form for kokebok for korleis vi skal forvalte denne type fiskebestandar betre langs heile kysten, seier Bertelsen.

Det var Kyst og Fjord som omtalte prosjektet først.

– Spesialisert fiske

Uerbestanden er nedfiska samanlikna med korleis han har vore historisk.

Det er derfor berre tillate å drive direktefiske etter uer med juksa eller handsnøre i tre månader av året. Dette er i sommarmånadene juni, juli og august, som også er hovudsesong for fisketurismen.

Det er avgrensingar på kor mykje fisk du kan ta med deg ut av landet. Men det er ingen reguleringar på kor mykje turistane kan fiske.

– Det har vore ei negativ utvikling i bestanden. Det gjer at ein har innført ganske strenge avgrensingar for yrkesfiske. Alle kan likevel fiske fritt med snøre i dei tre sommarmånadene, og turistane har såleis i praksis fritt fiske etter uer, seier Bertelsen.

Vanlig uer er en fisk i gruppen uerfamilien.

I 2022 fiska turistfiskarar meir uer enn dei kommersielle fiskarane i Andfjorden, Vågsfjorden og Solbergfjorden.

Foto: Vidar Ruud / NTB

Ifølgje Det internasjonale Havforskingsrådet (Ices) er det tilrådd eit nulluttak av uer.

– Vi ser er at turistar i stadig større grad er spesialisert for å fiske etter bestemde artar, seier Bertelsen.

Ein av artane som turistane har spesialisert seg er uer.

Det er også populært å drive med fritidsfiske på uer i nord, men Fiskeridirektoratet har ikkje tal på kor mykje dei tek opp.

Les også Opna Noregs største landbaserte oppdrettsanlegg: – Øydelegg strandsona

Andfjord Salmon

Etterlys regulering

Bertelsen vil gjerne samle kompetansen som finst på feltet.

– Det finst veldig mykje kunnskap, men den er veldig spreidd. Berre det å innhente og samle kunnskapen kan vere krevjande, fortel Bertelsen.

For å innhente informasjon har Fiskeridirektoratet blant anna hatt samarbeid og møter med fiskarar, turistbedriftene og andre som fiskar uer.

Fiskeskøyte på solblankt hav

I 2022 fiska turistfiskarar meir uer enn dei kommersielle fiskarane i Andfjorden, Vågsfjorden og Solbergfjorden.

Foto: NRK

Også Miljøpartiet Dei Grøne ønsker seg betre ordningar.

Det seier lokallagsleiar og ordførarkandidat for MDG i Andøy kommune, Malin Abrahamsen.

– Vi treng reguleringar. Og ikkje berre på kor mykje ein kan ta ut av landet, men også på kor mykje ein kan ta opp.

Les også Eksperter: Varmt hav kan føre til fiskerikollaps

Sjarkfiske

Mistenkjer store mørketal

Abrahamsen mistenkjer store mørketal.

– All verdas avgrensingar hjelper ikkje så lenge ein ikkje har høve til å kontrollere, poengterer ho.

Derfor meiner ho Nærings- og fiskeridepartementet må inn med meir pengar til kontroll, så Fiskeridirektoratet kan gjennomføre nødvendige kontrollar.

Regulert turistfiske vil både vere bra for fiskebestanden, og for å senke konfliktnivået mellom turistnæringa og lokalbefolkninga, ifølgje Abrahamsen.

Malin Abrahamsen, MDG Andøy

Malin Abrahamsen i MDG Andøy etterlyser reguleringar og betre kontrollar.

Foto: Miljøpartiet de grønne

Ho seier obligatorisk sertifisering kan vere ei løysing. Men korleis det skal sjå ut er vanskeleg å seie, meiner ho.

– Det er klart at vi må ha ei ordning som gjer at ein ikkje avviser små aktørar fordi det er dyrt å bli sertifisert, legg Abrahamsen til.

Fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran (Ap), meiner derimot at situasjonen for fisketuristane ikkje er helt lovlaus.

Kan ikkje fiske fritt

Turistar kan ikkje fiske fritt. Turistane er omfatta av akkurat dei same reglane som fritidsfiskarar og yrkesfiskarar når det gjeld fiske på uerbestanden, seier Skjæran. Han utdjupar at reguleringa av fisketurismenæringa vart innført første gong i 2018.

Bjørnar Skjæran smiler skeivt foran en fiskebåt på kaia

Fiskeri- og havminister, Bjørnar Skjæran (Ap) seier at turistane er omfatta av akkurat dei same reglane som fritidsfiskarar og yrkesfiskarar.

Foto: Daniel Hong Hansen / NRK

Eg er open for å vurdere justeringar i regelverket i tråd med innspel og vurderingar som kjem frå Fiskeridirektoratet. Pilotprosjektet i Andfjorden-området vil gi nyttig kunnskap på dette området, seier Skjæran.