Frifunne for erstatningskrav

Ørskogfjellet skisenter og Gjensidige Forsikring er frifunne for erstatningskrav etter at ei kvinne i 30-åra fall og skadde seg i mars 2018. Kvinna hevda mellom anna at ei mast ho krasja med var uforsvarleg polstra og at det var ujamn fart i heistrekket. Retten kom til at det ikkje var bevis for at installasjonane ved skisenteret var i ein slik tilstand at det skulle medføre erstatningsansvar.

Ørskogfjellet skisenter
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK