Hopp til innhold

– Eg er slett ingen politisk broiler

Fredric Holen Bjørdal kan bli den yngste på Stortinget etter valet i haust. Mykje tyder på at han blir den første Stortingspolitikaren som er fødd på 1990-talet. Bjørdal står på andreplass på lista til Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal.

Fredrik Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal er fødd 9. mars 1990. Etter valet er han truleg den einaste representanten som er fødd på 1990-talet.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er stilreint, lyst og minimalistisk heime hos Fredric Holen Bjørdal. Veggane er kvite, og på kjøkenet går det i børsta stål.

– Her går det verkeleg an å bu, seier eg.

Den unge politikaren lyser opp i eit breitt smil. Han er samd, og samlar på slik karakteristikk av husværet.

Eg skulle bli lege og psykolog og sa nei til å stå på liste fyrste gongen eg blei spurd.

Fredric Holen Bjørdal

Det sa eigedomsmeklaren også. Han var her for ein knapp halvtime sidan, seier han Bjørdal.

Å, er du så trygg på at du blir vald inn på Stortinget at du sel husværet i Ørsta og kjøper nytt i hovudstaden?

– Å, nei, skrattar han. Eg skal selje her, ja. Men eg skal flytte inn i nytt hus i Hovdebygda. Der er det godt flysamband til og frå Oslo.

Fredric Holen Bjørdal

I sommar selde Fredric Holen Bjørdal ungkarsleilegheita like vest for Ørsta sentrum. No blir det nytt hus i Hovdebygda.

Foto: Terje Reite / NRK

Han fortel at det slett ikkje blir vanskeleg å pendle mellom Ørsta og Oslo. Ifølgje han er det betre samband mellom Ørsta/Volda lufthamn og Oslo enn det er på Årø i Molde på tilsvarande strekning. Med Widerøe og Flytoget får han ein veldig bra pendlarveg, meiner han.

Mor har sagt at eg var eit lite «gnagsår» alt som liten.

Fredric Holen Bjørdal

Skulle bli lege

Fredric Holen Bjørdal byr på ein kopp kaffi. Men han gjer det fort klart at han helst drikk te. Då blir det te. Ein raud te, truleg med nype i. Valet mellom te og kaffi har nok vore mykje lettare for Bjørdal, enn valet han måtte ta då han måtte ta stilling til om han skulle bli heiltidspolitikar eller ikkje.

Eg var aldri i tvil om at eg skulle drive med politikk. Men eg trudde ikkje eg skulle drive med det på heiltid. Eg skulle bli lege og psykolog. På vidaregåande hadde eg seksarar i alle faga, og såg for meg at det skulle bli nokre år på universitetet og ei framtid i legeyrket, seier han mens han heller varmt vatn i tekanna.

– Sa nei første gongen

Leiinga i Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal hadde lagt merke til den unge, aktive sunnmøringen tidleg. Då han valde å organisere seg i AUF gjekk det ikkje lang tid før han blei spurd om å stå på liste.

Eg sa nei fyrste gongen. No har eg sagt ja. Sjansane for å bli lege og psykolog har nok blitt mindre. Men eg har studert og eg har hatt arbeid og eg føler eg har erfart og lært mykje. Det er viktig at politikarar kan meir enn berre politikk, seier han.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal har alt fått prøveside seta på Stortinget. Her er han saman med Statsminister Jens Stoltenberg.

Foto: Arbeiderpartiet

– Var eit lite «gnagsår»

Fredric Holen Bjørdal let oss forstå at han ikkje vil ha noko broilerstempel, sjølv om han skjønar at spørsmålet kjem. Han engasjerte seg i ungdomspolitikk lenge før han blei medlem i AUF, og presiserer at han ikkje er blitt utvikla gjennom leiaropplæringa i AUF.

Men han har alltid vore engasjert. Mor hans har karakterisert han som eit «gnagsår» i diskusjonar, og også som liten hadde han ein ekstrem rettferdssans. Det var naturleg for han å bli med i elevråd både på barneskulen og ungdomsskulen.

Eg blei oppgitt når ingen andre engasjerte seg, seier han og humrar når han minnest dei første kampsakene han dreiv fram. Noko av det første var kravet om skibuss til Bondalseidet. Vi fekk pressa det igjennom, seier han, og let humringa gå over i skratting når han fortel om det einaste problemet med den saka: «Alle» ville ha skibussen, men ingen brukte han.

– For få bryr seg om dei «nedst ved bordet»

Fredric Bjørdal har arbeidd som miljøarbeidar på Sunnmørsheimen i Ørsta. Slikt arbeid i barnevernet heldt han fram med under studia i Trondheim. Der vart han ferdig med ei bacheloroppgåve i planlegging og administrasjon i vår.

Arbeidet i barnevernet har gitt han endå meir inspirasjon til å stå på med det han trur på i politikken.

Eg har sett at alt for få bryr seg om dei som sit nedst ved bordet. I svært mange tilfelle handlar dette om ungane. Og eg har sett at det ofte er vanskeleg å vere sårbar og kjempe mot systemet, fortel han. Han fortel at han tykkjer det er meiningsfylt å drive endringsarbeid med folk. Dette vil han ta med seg inn i politikken. Då blir det endringsarbeid meir på systemnivå.

– Praten ved middagsbordet forma meg

Fredrik Holen Bjørdal vaks opp i Ørsta med ein far som arbeidde i industrien og ei mor i helsevesenet. Faren var permittert i periodar på nittitalet då store deler av industrien sleit.

Eg kan ikkje la hendingane på Utøya prege resten av livet mitt.

Fredric Holen Bjørdal

Praten rundt middagsbordet heime har forma meg politisk, seier han. Han pratar om arbeidsliv for alle, sosiale rettar og kunnskapspolitikk.

Han vil gje yrkesfaga eit løft. Vegen til utdanning på høgskulenivå må opnast endå meir for den som har yrkesfag på vidaregåande, seier han. Og yrkesutdanninga må spele endå meir på lag med næringslivet.

Eg vil løfte fram fagbrevet. Det må ikkje bli berre eit dokument som støvar ned i ein skuff. Det må henge og skine flott på veggen, seier han. Å gje yrsfaga eit løft er ei kjernesak for meg, legg han til. Han ser alvorleg på at mange ikkje gjennomfører siste året i yrkesfaga.

– Fleire vegar til fagbrev

Han etterlyser meir fleksible løp gjennom yrkesutdanninga, og han vil ha fleire lærlingplassar.

Det må bli fleire vegar til fagbrev, og med fullført fagbrev må ein kunne få studiekompetanse, utan å måtte ta noko påbyggingsår, seier han.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal likar å dykke. Ofte får han med seg både kamskjel og krabbe opp frå fjorden.

Foto: Privat

Fredric Holen Bjørdal står på den store takterrassen over ungkarsleilegheita vest for Ørsta sentrum. Her har vi fritt utsyn til Hovdebygda, dit han skal flytte. Skyene er i ferd med å trekkje seg oppover langs fjellsidene. Snart anar vi dei sunnmørske fjelltoppane gjennom det tynne skylaget. Vestover ligg fjorden spegelblank.

– Tok dykkarsertifikat i Raudehavet

Fredric Holen Bjørdal er ein av dei som kjenner verda som ligg under den spegelblanke vassflata både i Ørstafjorden, ved Rjåneset, Sharm el Sheik og kvar det enn måtte vere.

Dykking er ei av to store interesser ved sidan av politikken. Eg har hatt store dykkaropplevingar både på Festøya og i Raudehavet, der eg tok dykkarsertifikatet. Her i Noreg likar eg å drive med fangstdykk. Då samlar eg kamskjel og krabbe, og det er spennande å fange steinbit og anna fisk.

Han blir omtrent like engasjert som når han snakkar om politikk, når han fortel om den 15 kilo tunge breiflabben han tok på spyd. Han fortel om den fantastiske sikten under vatn og dei store opplevingane ein får ved å oppleve ei verd som er stengd for dei fleste av oss.

Eg vonar eg får halde på med slikt også etter at eg har kome på Stortinget. Sjefen min seier at han gler seg til å sjå meg som stortingsmann, der håret mitt er borte og midja har svulma ut. Men eg vil gjerne leve eit aktivt liv sjølv om eg skulle bli vald inn, seier han.

– Eit aktivt liv

Når Fredric Holen Bjørdal snakkar om eit aktivt liv, stoppar han ikkje ved politikk og dykking. Musikk er ein viktig del av livet hans. Han har for eksempel gått på musikklina ved Volda vidaregåande skule.

– Eg er ein habil gitarist, og har bakgrunn frå musikkorps der eg spelte både trompet og baryton. Og på vidaregåande hadde eg song som bi-instrument, fortel han.

– Er du slik at du kan drage fram gitaren og synge god, gamle partisongar under arrangement i Arbeidarpartiet?

– He-he, ja det kan nok godt tenkjast. Det er faktisk ikkje så veldig lenge sidan sist eg leia allsong på den måten, seier han i same andedrag som han fortel at han slett ikkje står på «bortover-ski». Eg hadde vel nokre forferdeleg dårlege erfaringar då far min skulle drage meg med opp på Åm-skaret, humrar han.

– Kan ikkje la terroren prege resten av livet

Fredric Holen var på Utøya under terroren 22. juli 2011. Dei grufulle handlingane kom tett inn på han, Han var på kjøkkenet og skulle førebu mat til 600 personar. Utanfor vindauget såg han deltakarane springe i panikk. Han hoppa ut vindauget i full kokkeuniform. Seinare blei uniforma brukt til å forbinde sår medan han hjelpte andre.

I dag prøver eg å ikkje la dette prege resten av livet mitt. Alle skjønar at dette har vore tungt. Men det er hardt å vite at nokre av dei som omkom ville ha vore her og drive valkamp no, og dei ville ha blitt kollegaene mine på Stortinget. Fleire valde å slutte med politikk etter 22. juli. Eg valde å halde fram, seier han alvorleg.

– På kva måte har dette påverka deg som politikar?

– Eigentleg har det gitt meg meir glød. Mange av dei som miste livet ville vie livet sitt til politikken. Når dei no ikkje kan DET må i alle fall EG stå på. Så trur eg ikkje det har gjort meg meir eller mindre oppteken av bestemte saker. Det kan hende eg har fått eit ekstra blikk på tryggleik og beredskap. Vi som var der fekk jo oppleve følgjene av ein for dårleg beredskap, seier Bjørdal.

– Allsidig førstereisgut

Som andrekandidat for Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal er Fredric Holen Bjørdal på god veg til Stortinget. Men han vegrar seg litt mot å vere for tydeleg i ønskja sine for kva komite han vil inn i.

Eg er allsidig. Og det var no litt rart sist, då absolutt alle ville inn i næringskomiteen. Arbeidarpartiet får ei stor gruppe, og det er vel ikkje heilt sikkert at eg får førstevalet mitt. Du veit, det blir vel litt sånn «førstereisgut på bakerste benk» i førstninga når det gjeld akkurat dette, seier han litt på spøk med med ei viss ettetenksom realisme.

Men kva ønskjer du å jobbe mest med?

– Eg vil eigentleg jobbe med alt. Eg er interessert i næringslivet, i sosiale spørsmål, familie- og kultur. Eg kan godt tenkje meg dei aller fleste komiteane, kanskje med unnatak av kontrollkomiteen. Nei, eg er rett og slett allsidig, seier han.

Vi går opp på takterrassen for å ta bilete. Der er det godt utsyn over Ørsta sentrum, vestover mot Berkneset og sørover mot Hovdebygda.

Der oppe i Hovdebygda skal eg bu, ikkje langt frå flyplassen, seier han.

Flyplassen ligg omtrent på grensa mellom dei to kommunane Ørsta og Volda. Fredric Holen Bjørdal høyrer med blant dei som gjerne såg at dei to kommunane blei slått saman.

Eg trur begge kommunane ville tene på å slå seg saman. Det var dumt at Ørsta kommune stoppa prosessen mot samanslåing. Eg er ganske sikker på at dei unge i Ørsta er meir positive til samanslåing enn det kommunestyret var seier han. Han har skaffa seg rik erfaring frå den lokalpolitiske arenaen i Ørsta. No er han på full veg mot rikspolitikken i Stortinget.