Hopp til innhold

Meiner NHO harselerer med ungdom som vel annleis

Ap-politikar Fredric Holen Bjørdal reagerer sterkt på NHO sitt utspel om at ungdom utdannar seg til arbeidsløyse ved å velje hobbyen som yrke.

Fredric Holen Bjørdal

Fredric Holen Bjørdal gjekk sjølv på musikklinja på vidaregåande og reagerer på NHO sitt utspel om at ungdom heller bør velje yrker som næringslivet treng.

Foto: privat

Torill Ytreberg

Torill Ytreberg er direktør i NHO i Møre og Romsdal. Ho meiner det er for mange elevar på song, dans og drama.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Det var i går at NHO gjekk ut og ba ungdom velje yrker som næringslivet har behov for. Torill Ytreberg meiner at mange unge tar eit feil val når dei utdannar seg for å leve av hobbyen sin. Spesielt meiner ho at studieretningane song, dans og drama har for mange elevar.

– Vart folk av meg

Det får Fredric Holen Bjørdal til å reagere. Sjølv gjekk politikaren på musikklinja på vidaregåande og har seinare teke ein ein bachelorgrad i planlegging og administrasjon. No jobbar han som miljøterapeut i barnevernet.

– Det vart folk av meg også, sjølv om eg gjekk musikklinja. Mange av dei eg gjekk saman med kjem til å bli framtredande musikarar i åra som kjem, og eg vil tru at også NHO likar å gå på konsertar, seier Holen Bjørdal.

LES OGSÅ:

Auke i realfag

Han er slett ikkje usamd med NHO om at det er eit stort behov for fleire ingeniørar og folk med maritim kompetanse. Søkinga til realfag går opp og Bjørdal meiner difor det er unødvendig å harselere med dei som vel annleis.

– Eg trur dei fleste vel yrker som gir mange moglegheiter og som dekkjer samfunnet sitt behov for arbeidskraft, seie Holen Bjørdal.