Flyplassen har hatt ein jamn auke heile året, og totalt har 34 341 personar reist til og frå flyplassen så langt i år.
20 månader i strekk
Trafikken har dermed passert fjoråret, då det var 33 120 passasjerar som nytta seg av flyplassen.
- Flya byrjar snart å verte fulle, seier stasjonssjef Svein Arne Nupen ved Volda-Ørsta Lufthamn Hovden. Flyplassen har hatt 20 månader i strekk med vekst i passasjertalet. Flya har vorte oppgradert til 39 seter. Nupen har god tru på at veksten vil halde fram, men det er sjølvsagt ei grense, seier han.
Det lokale næringslivet
Ein av årsakene til den eventyrlege veksten er bortfallet av bonusordningane til konkurrentane SAS og Braathens. Dette fekk fleire frå det lokale næringslivet til igjen å velje flyplassen, seier Nupen.
Men trass jamn vekst over lang tid, er det ikkje aktuelt å utvide rutetilbodet før konsjesjonen går ut i april 2005, og Nupen reknar med at det også i desember vil verte ein auke i passasjertalet.