- Nullvisjonen står ved lag, seier direktør i Hydro olje og energi, Morten Ruud. At realitetane innhentar oss i og med denne ulykka, det må vi ta ad notam, seier han. Arbeidet med å gjere arbeidsplassen vår sikker, det må halde fram, seier Ruud til NRK Møre og Romsdal.
Få fråversskadar
Ved hovudporten til Nyhamna står ei lystavle som fotel kor mange timar arbeidet har pågått sidan sist skade. På 1,2 millionar arbeidstimar har dei hatt ein fråversskade. Den kom for 14 dagar sidan. No må tavla nullstillast igjen. Men bak desse tala skjuler det seg mange nestenulykker som kunne fått alvorlege følgjer. No har det verst tenkjelege skjedd, ein har mista livet.
- Det er alvorleg det vi held på med og vi må medgje og ta inn over oss at vi ikkje er gode nok så lenge det skjer ulukker, seier Ruud.
Avventar tiltak
På Nyhamnar jobbar mellom 800-900 personar. Ruud veit enno ikkje kva Hydro vil gjere for å hindre nye ulykker blant arbeidarane.
- Det er ikkje noko bestemt vi må gjere no. Eg trur vi må avvente til politiet og dei interne granskingane har avdekka kva som har skjedd. Det vi må sørge for, og arbeide med kvar dag, er at dei som arbeider her føler at dette er ein trygg arbeidsplass, seier Ruud til NRK Møre og Romsdal.