Hopp til innhold

Fraktskipet er drege av grunn – på veg mot Kristiansund no

Fraktskipet «Kine» blei hjelpt av grunn like etter klokka 11.25 fredag. Det stadfestar Ove Njøten i Kystverket. I byrjinga var det derimot dramatisk, då skipet var i verna område – med 40 kubikk diesel om bord.

Fraktskipet «Kine» blei hjelpt av grunn like etter klokka 11.25 fredag. Det stadfestar Ove Njøten i Kystverket. I byrjinga var det derimot dramatisk, då skipet var i verna område – med 40 kubikk diesel om bord.

Kine fekk hjelp av redningsskøyta.

– Båten har ein del slagside, men den er ikkje på grunn lenger. «Erik Bye» har drege skipet bort frå grunn.

Det sa Anton Kristiansen som er i området, like etter at Redningsskøyta «Erik Bye» hadde hjelpt «Kine» etter grunnstøytinga.

Ikkje lenge etter stadfesta både Kystverket og Hovudredningssentralen opplysningane.

– Fartøyet gjekk fint like over klokka 11.25, etter assistanse frå redningsskøyta «Erik Bye». Skipet går no for eiga maskin til Kristiansund, sa Ove Njøten i Kystverket.

Ute av kurs – dramatisk i naturvernområde

Skipet «Kine», som er registrert på Bahamas, gjekk på grunn klokka kvart over fem fredag morgon.

– Vi fekk melding klokka 07.10 om ei grunnstøyting. Lastebåten var lasta med skrapjern.

– Samtidig fann vi kjapt ut at den inneheldt 40 kubikk med diesel. Det var det vi konsentrerte oss om i forhold til akutt forureining, fortel Njøten i Kystverket.

For skipet var ute av kurs og inne i eit naturvernområde.

– Det var uroa vår i byrjinga. Alle meldingar om grunnstøytingar er dramatiske før informasjonen er på plass.

– Redningsskøyta var på plass klokka 09.00 og situasjonen var stabil, seier Njøten.

– Lekkasje på ballasttankar og vatn i thrusterrommet

Ifølgje lokalkjende augevitne skal det ha vore tre meter djupt i området. Redningsleiar Johan Mannsåker i Hovudredningssentralen i Sør-Noreg fortel at det er uvanleg med båtar i området.

– Det er ikkje eit direkte farleg område, men det er ein god del grunt farvatn i området. Som regel held skip seg unna.

– Elles veit vi ikkje noko om kvifor skipet grunnstøytte, opplyser Mannsåker.

Ingen av dei sju om bord kom til skade. Båten fekk derimot noko skade.

– Det er lekkasje på to ballasttankar og noko vatn i thrusterrommet. Men flyteevna er bra.

– Gjekk situasjonen betre enn venta, med tanke på naturvernområde og store risikoar?

– Ja, det gjekk betre enn venta. Situasjonen har vore stabil gjennom formiddagen.

– Kor dramatisk var det tidlegare i dag då?

– Det var ikkje enormt dramatisk, men alle slike hendingar er dramatiske når det skjer.

Saka held fram under bildet.

Fraktskip grunnstøytte

Fraktskipet «Kine» gjekk på grunn like utanfor Smøla klokka 05.10 fredag morgon. Skipet blei redda klokka 11.25.

Foto: Skjerdump Google Maps

Gjekk på grunn tidleg fredag morgon

– Vårt fraktskip «Kine» gjekk i dag morgon klokka 05.00 på grunn nordvest for Smøla.

Det sa skipsreiar Håvard Våge tidlegare i dag fredag.

Like før klokka 11.00 sa Hovudredningssentralen at mykje vind og sjø gjorde ting vanskeleg for Redningsskøyta.

– Mykje vind og sjø gjer det umogleg for dykkarar å undersøke skadane på skipet. Men skipet ligg stabilt på grunn, sa Mannsåker til NTB tidlegare i dag.

Det blei tidleg klart at mannskapet på sju var utanfor all fare.

Vidare ligg saka i Sjøfartsdirektoratet sine hender.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL