Hopp til innhold

Første til å stå på ski ned Trollveggen

Spanske Kilian Jornet er den første som har stått på ski ned den loddrette fjellveggen i Romsdalen. I førre veke rente han ned den ekstreme Fiva-ruta i Trollveggmassivet.

Kilian Jornet på toppen av Trolltinden

TOPPEN: Jornet tok dette biletet like før han sette utfor Trollveggen på ski i førre veke.

Foto: Kilian Jornet

Fleire brattkøyrarar har vurdert å køyre ned ruta tidlegare, men ingen har enda opp med å gjennomføre planane. Men no har altså spanske Jornet klart det.

Kilian Jornet

FØRST: Kilian Jornet er den første som har stått på ski ned Trollveggen.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen, NRK

– Det heile var interessant fordi det er ei veldig «logisk» og tiltrekkande linje for å stå på ski, skriv Jornet i ei tekstmelding til NRK.

Magasinet Fri Flyt meiner Jornet har etablert landets råaste skilinje.

– Noko av det brattaste eg har køyrt

Han har brukt dei siste to åra på å vurdere forholda for skikøyring ned Fiva-ruta. Ruta ligg i den nordlege delen av Trollveggen, i eit slags skar som om vinteren vert fylt med snø.

Ruta Kilian Jornet stod ned Trollveggen

RUTA: Fiva-ruta går litt til høgre for sjølve Trollveggen. Slik var ruta til Jornet.

Foto: Privat

Etter å ha klatra i den nedre delen av fjellveggen i førre veke, fann han ut kva slags utstyr han trong for nedfarta. Så vart det gode forhold og han bestemte seg for å gjere eit forsøk.

– Eg klatra opp for å kartlegge forholda før eg sette utfor. Det er viktig for å vite kva ein kan forvente, seier Jornet.

Med seg hadde han 2x40m dyneema tau, stropper, nokre isøkser og anna lett klatreutstyr.

– Dei øvste 200 høgdemeterane er noko av det brattaste eg har køyrt. Ein er eksponert heile vegen, skriv Jornet på Facebook.

I løpet av den bratte nedfarten på 1600 høgdemeter og som han antydar ligg mellom 55 og 60 grader, gjorde spanske Jornet, som er busett i Måndalen i Rauma, to rapellar. Etter dei øvste høgdemeterane, gjekk han inn i eit parti på 400 meter i ei smal renne, før det stod att 1000 meter med variert føre ned til dalen.

Ruta vart for første gang klive opp på i 1931 og er ikkje rekna som den mest ekstreme for fjellklatrarar. Men for skikøyrarar er den absolutt ekstrem. Blant dei som vurderte å køyre ned Fiva-ruta, var den no avdøde skikøyraren Anders Fransson.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL