Kilian Jornet

PÅ TOPPEN: Kilian Jornet lever for å springe opp (og ned) fjell så fort som mogleg.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen, NRK

– Frykta held meg i live

ROMSDALEN/OSLO (NRK): Kilian Jornet skal til topps på Mount Everest raskare og meir ekstremt enn nokon andre. Oksygentilførsel droppar han. Det ser han på som doping.

– Når ein spring forstår ein kor dårleg me menneske eigentleg spring. Ein elefant spring jo fortare enn Usain Bolt.

Nokon vil nok seie at Kilian Jornet er noko i nærleiken av det ein kallar umenneskeleg. New York Times har kåra han til den største uthaldenheitsutøvaren i sin generasjon.

Forskarar kallar han eit fysisk fenomen.

Her han sit på med Trollveggen på den eine sida og Romsdalseggen på den andre ser han liten ut.

Fjella er mektige, men når den vesle spanjolen set fart ned fjellsidene ser han like mektig ut.

Kilian Jornet

SKYRUNNER: Spanske Kilian Jornet har flytta til Norge, og her i Romsdalsalpene føler han seg nå heime.

Foto: Roy Kenneth S. Jacobsen, NRK

Det er kanskje ikkje rart han har dyra som sine førebilete.

– Det er så mange raske dyr og dei prøvar eg å lære av. Eg skulle ynskje eg kunne kutte av beina mine og sette på geiteføter, seier han og ler.

Sju timars økter utan drikke og mat

Geiteføter eller ei, kanskje er 29-åringen frå Katalonia i Spania likevel det nærmaste me kjem ei menneskeleg fjellgeit.

Dette er mannen som gjerne tek ein springetur i fjellet på sju timar utan drikke og ein halv pakke gel.

Dette er mannen som har sett fartsrekord opp og ned på 4810 meter høge Mont Blanc – ein tur vanlege fjellfolk brukar tre dagar på.

Like rekordraskt har han tatt seg til dei høgste toppane i Asia, Afrika, Nord og Sør-Amerika. Fartsrekordane på Mount McKinlay, Elbrus og Acongagua høyrer alle til Kilian Jornet.

Nå står berre sjølve monumentet Mount Everest igjen.

– Rekorden er vel på litt over 50 timar. Eg trur det er mogleg på under 30 timar, men det kjem an på forholda, meiner Jornet.

Kilian Jornet er verdens beste fjelløper. Nå vil har løpe opp og ned Mount Everest på 30 timer.

Sjå heile fjernsynssaka om Killian Jornet her

Ville finne urørt natur

For å nå det målet flyr Jornet opp og ned Romsdalsalpane. Sju-åtte toppar i løpet av ein treningsøkt er kvardagskost. På beina om sommaren og hausten, på ski frå snøen kjem og til den reiser om våren.

11

LEIKEGRIND: Det er desse fjella som har vore verdas beste fjelløpar leikegrind det siste året.

Foto: Øystein Tveiten

Om du er på ein av dei utfordrande fjellturane i Romsdalen og det plutseleg kjem ein spinkel, mørkhåra mann forbi i full fart, er det ikkje usannsynleg at du har blitt passert av verdas beste til å springe i fjellet.

Sidan februar i år har han budd i Måndalen like utanfor Åndalsnes saman med sin svenske sambuar, Emilie Forsberg, som også er fjellutøvar sommar som vinter.

– Når du ser på kartet ser det ut som små fjell, men når du kjem hit, skjønar du kor store dei er. Me ville finne vill og urørt natur. Terreng der ein føler ein oppdagar nye ting. Det gjer me her, seier Jornet mens tåka gjer sitt beste for å skjule dei spissaste tindane.

Sakte men sikkert forsvinn Kilians faste treningsmål i tåka, Store Venjetind, Gjuratind og Kvanndalstind. Romsdalshorn dukkar derimot fram i synsfeltet til den 170 centimeter lange spanjolen. Kilian sit trygt på kanten av Litlefjellet i blå dunjakke.

På 3000 meter som fireåring

Sjølv for han skal eigentleg ikkje prosjektet Mount Everest vere mogleg. Ein tur han skal gjere med mindre enn 10 kilo i sekken og utan ekstra oksygentilførsel.

Kilian Jornet på Breithorn

PÅ TOPPEN: Berre fire år gamal var han på toppen 3000 meter høge fjelltoppar.

Foto: Privat

Men er det ein som kan få det til må det vere ein som bokstavleg talt er vaksen opp på fjelltoppar.

– Eg kan ikkje hugse min fyrste tur, men eg har blitt fortalt at eg var på 3000-meters toppar da eg var fire år og 4000-toppar da eg var fem år. Men det var normalt. Det var byen og stranda som var rart for meg, ler Jornet.

Kanskje ligg hemmelegheita i den vesle fjellhytta han vaks opp i på 2000 meters høgde i Pyreneane. Her utforska han og systera terrenget på eigehand. Skulevegen var 10 kilometer lang og bøy på 1000 høgdemeter.

Det var 1000 høgdemeter unge Kilian elska.

– Når me var veldig små tok mor mi, meg og syster mi ut i skogen etter middag. Det var mørkt og ho sløkte lyset på hovudlyktene våre. Så var det vår oppgåve å finne vegen tilbake til hytta på eigehand. Den fyrste gongen var eg livredd og eg klamra meg fast til mor. Men etter kvart blei eg van til lydane, til vinden og til dyra. Eg kunne bevege meg saman med naturen.

Kilian Jornet

FJELLHYTTE: Jornet vaks opp ei fjellhytte i Pyreneane saman med syster og foreldre. Dei siste åra har han budd i Chamonix.

Foto: Privat

Han ser ikkje på oppveksten som spesiell eller annleis. Det var slik det skulle vere for han. Men han er sikker på at den har hatt mykje å seie for han som utøvar.

– For idrettskarrieren er det svært viktig å vere ute i naturen. Det er grunnen til at eg har den sjølvtilliten eg har i fjella nå.

Seks gonger verdsmeister

Han har vunne det som er å vinne av konkurransar i fjella. Seks gonger har han blitt verdsmeister i ultra-fjelløp (også kalla skyrace). Ultra-trail du Mont Blanc vann han for første gong som 20-åring, løpet som er kjent som eit av verdas tøffaste og går over 160 kilometer med 9600 høgdemeter gjennom alpane i både Italia, Sveits og Frankrike.

Om vinteren konkurrerer han på randonee ski. Opp og ned dei brattaste fjellsidene i Alpane, der sporten er ekstrem stor. Jornet er stjerne, men det er ingen status katalanaren traktar.

Tilbake i 2013 fann han ut at han ikkje ville trakte etter å stå øvst på sigerspallen.

– Eg hadde oppnådd måla eg hadde i idretten og eg er ikkje ein person som vil gjere dei same tinga heile tida. Eg trengte ny motivasjon, derfor starta eg Summits of ny life.

Kilian Jornet

NY MOTIVASJON: Kilian Jornet starta sitt eige prosjekt 'Summits of my life' i 2013.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Prosjektet der han skal ta seg til verdas mest ikoniske fjelltoppar på sin heilt eigen måte.

– Målet er å gjere det så lett og raskt som mogleg, med minst mogleg utstyr. Tankane har ligge der sidan eg var liten gut. Nå kan eg kombinere erfaringa med frå fjellet med det eg har lært som konkurranseutøvar.

Han skal ikkje ha ekstra oksygen, ikkje noko hjelp frå andre eller anna ekstra utstyr plassert på vegen opp. Det er berre han og hans eigen kameramann som sjølv er alpinist.

– Eg trur ikkje det er farlegare utan oksygen. Å gå fort gjer det også sikrare. Når ein går fort nedover kjenner ein ikkje høgdaproblema like godt. For meg blir det å ha med seg ein oksygentank, som doping. Målet er ikkje å nå toppen med hjelp.

Mista kamerat i døden

Kilian tek oss med inn i huset han og sambuaren Emilie kjøpte i fjor. Ein ti minutts lang køyretur mot Ålesund frå Åndalsnes. Fjorden ligg like nedanfor og på alle kantar ruvar tindane mot oss.

Like innanfor døra viser han oss i eit overfylt utstyrsrom.

– Det er litt rotete her, eg kom akkurat heim frå Alpane, gliser han.

Isøkser, sko og eit 30-tals par med joggesko. I stova heng bilete av Emilie og han sjølv i konkurranse. men det er eitt bilete som framkaller større kjensler.

Måndalen

STOVEUTSIKT: – Det er lett å bli motivert med denne utsikta frå stova.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Jornet har sjølv opplevd å miste ein nær kamerat. Stephane Brosse stod like ved sidan av han, da snøskavlen knakk og kameraten forsvann nedover fjellsida.

– Kva er frykt for deg?

– Frykt er det som held meg i live. Viss eg ikkje var redd ville eg hoppa ned her, seier han og peikar ned.

Det går fleire hundre meter rett ned. Mektige Trollveggen ligg på andre sida av dalen. Men Kilian kjenner seg ikkje igjen i basehopparane som hoppar ut herfrå, i vissheit om at dei leikar med livet.

– Frykt er ein alarm som seier at du ikkje er klar. At du bør reise tilbake å trene meir. Eg tek ikkje livsfarlege riskar til vanleg. Slik var det på Everest i haust.

Prøvar for tredje gong neste år

Han har reist til Himalaya to gonger dei siste to åra. I 2015 ramma jordskjelv Nepal og Jornet melde seg til teneste i hjelpearbeidet. I september var han der igjen. Sikkerheitsmekanismane slo inn. Snøskredfaren var for stor.

Det er ein grunn til at kjærasten Emilie Forsberg ikkje er redd.

– Eg kjenner Kilian. Sjølvsagt tek han store riskar, men han er ute kvar dag. Det kan sjå skummelt ut, men eg veit at han tek veldige gode avgjerder. Han er veldig klok og veit at fjellet står der når han kjem tilbake, seier Forsberg.

Neste år prøvar han igjen. Fjella ventar alltid på han.

– Eg spring alltid til svaret på kvifor eg gjer dette. Kvifor eg elskar å springe, kvifor eg må springe. Det kan vere eit enkelt svar. Eg føler meg heime og eg føler meg glad. Det er i terrenget eg kan uttrykke meg sjølv.