Hopp til innhold

Foreldrepar sikta for vald mot ein fem månader gamal baby

Politiet har starta etterforsking og sikta eit foreldrepar etter at ein fem måneder gamal baby døydde førre veke. Ingen av foreldra erkjenner straffeskuld.

Julie Ulstein politiadvokat.

POLITIET: Julie Ulstein i politiet seier dei vil etterforske saka breitt.

Foto: Berge Myrene / NRK

Eit foreldrepar i 30-åra er sikta for vald i nære relasjonar, eller å ha medverka til det, etter at den fem månader gamle babyen deira døydde for ei veke sidan.

Foreldreparet er busett på Sunnmøre. Barnet døydde fredag for ei veka sidan og er obdusert ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Vi har fått ein førebels obduksjonsrapport frå sjukehuset, men på dette tidspunktet i etterforskinga ønskjer eg ikkje å få nærmare inn i detaljane i obduksjonsrapporten av omsyn til etterforskinga, seier politiadvokat Julie Ulstein.

NRK har vore i kontakt med dei nærmaste naboane til paret. Fleire av dei seier dei er sjokkert over det som har skjedd.

Sett i varetekt

Begge foreldra er varetektsfengsla i fire veker med brev og besøkskontroll.

Ulstein seier dei ønskjer å sette foreldreparet i varetekt fordi dei ikkje skal kunne øydelegge bevis i saka. Politiet skal ikkje kjenne til dei to sikta frå før.

Politiadvokat Ulstein seier at dei er i innleiingsfasen i etterforskinga, og at siktinga mot dei to er førebels.

– Vi er tidleg i etterforskinga, og vi etterforskar breitt for å finne ut kva som har skjedd i saka.

Kripos skal hjelpe politiet i Møre og Romsdal i etterforskinga.

Vart pågripne av politiet

Dei sikta vart pågripne av politiet onsdag kveld, og sat i avhøyr torsdag ettermiddag. Dei erkjenner ikkje straffeskuld.

Advokaten til faren, Sjur Engelsen Lange, vil ikkje kommentere saka, men stadfestar til NRK at klienten ikkje erkjenner straffeskuld.

Advokaten til mora, Axel Lange kan ikkje seie noko om kva som kom fram i politiavhøyret og under rettsmøtet.

Ho er sjokkert over siktinga og erkjenner ikkje straffeskuld. Ho samarbeider med politiet, seier han til NRK.

Han seier dei har fått lite informasjon frå politiet om bakgrunnen for siktinga og kva som ligg til grunn.

Vi er i ein innleiande fase i saka. Eg og klienten min veit lite om kva politiet sit på av informasjon, seier Lange.