Hopp til innhold

Reagerer på anleggsarbeid i skuletida: – Vi kjenner oss trakka på og ignorerte

Foreldra saknar informasjon og tryggingstiltak. Skulen meiner arbeidet skjer innanfor trygge rammer.

Geir Ole Kanestrøm, Isabel Berg, Stig Anders Ohrvik, Ståle Søfting og Anniken Amundsen står foran gjerdet der anleggsarbeidet på skolen foregår. Innenfor gjerdet står det en gul og svart gravemaskin.

BEKYMRA: Geir Ole Kanestrøm, Isabel Berg, Stig Anders Ohrvik, Ståle Søfting og Anniken Amundsen er bekymra for barna på Dalabrekka barneskule.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

På Dalabrekka barneskule i Kristiansund er barna ute og leikar før skuleklokka ringjer inn til første time. Men dei siste dagane har både barn og foreldre ved skulen hatt bekymringar.

– Det er veldig mange barn som seier at dei kjenner seg utrygg, seier Anniken Amundsen som har barn på skulen.

Grunnen er at det no går føre seg anleggsarbeid på skulen. Gravemaskiner og bilar jobbar inne på skuleplassen.

Dalabrekka er slått saman med ein annan barneskule i Kristiansund, og til hausten skal alle elevane samlast på éin skule. For å få plass til alle skal det setjast opp brakker på Dalabrekka, og det er arbeidd med det som går no føre seg.

Saknar informasjon

Isabel Berg er mor til ei jente i førsteklasse og FAU-representant. Ho er bekymra for tryggleiken til barna.

– Dei set i gang riving utan at vi som foreldre fått beskjed. Det er dårlege tryggingstiltak, og vi kjenner oss trakka på og ignorerte, seier ho.

Geir Ole Kanestrøm har også barn ved skulen og seier han er bekymra for kva dette gjer med arbeidsmiljøet til barna.

– At barna blir fråtekne leikeareal er eg litt bekymra for. Uteområdet og leik er ein viktig ting i skulekvardagen til barn, seier han.

Anleggsarbeid ved Dalabrekka barneskole i Kristiansund.

Leikeplassen ligg rett ved der arbeidet går føre seg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Ser at steinar kjem ut

Stig Anders Ohrvik har ikkje barn ved skulen, men er politikar for Nordmørslista. Han seier at bekymringsmeldingar frå barn som er redde bør vere nok til å setje i gang tiltak.

– Opplæringslova seier at barna skal kjenne seg trygge på skulen, seier han.

– Vi har vore her kvar morgon sidan dei byrja, og vi ser at steinen kjem ut av gjerdet, seier forelder Anniken Amundsen.

Meiner det er forsvarleg

Rektor ved Dalabrekka barneskole, Kjell Arne Haugan, sitter utenfor den blå og gule skolen han er rektor på.

Rektor ved Dalabrekka Kjell Arne Haugan.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Rektor Kjell Arne Haugan seier arbeidet skal vere ferdig til 1. august.

– Det er profesjonelle aktørar som utfører arbeid, står som konsulent, og som er bestiller av oppdraget. Eg tenkjer at dette blir gjort innanfor forsvarlege rammer, legg han til.

– Kunne de venta til sommarferien?

– Det trur eg hadde vorte vanskeleg, for entreprenørane skal ha ferie dei òg, svarer han, og legg til at det hadde vorte andre kostnader dersom arbeidet skulle vorte gjort på kveldstid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL