Mellom 30 og 40 av borna på Ellingsøya får ikkje plass i barnehagane på øya. Foreldra er frustrerte over situasjonen, deriblant Silje Harnes Myklebust. Dottera Oda (3) må heilt til Larsgården, som ligg to mil unna.
– Vi må køyre åtte mil kvar dag for å få ha henne i barnehagen. Det er veldig tungvint, seier den fortvilte mora.
Dette har dei gjort kvar dag dei siste to åra. Ein ny barnehage på Ellingsøya hadde betydd mykje for familien.
Høyrer om behovet dagleg
Harnes Myklebust fortel at småbarnsforeldre på Ellingsøya har prøvd å engasjere seg. Sjølv om kommunen vedkjenner at behovet er stort, skjer det likevel ingenting.
– Ellingsøya er den staden i kommunen med lengst venteliste for barnehageplass, seier kommunalsjef, Bjørn Ivar Rødal.
Ålesund kommune står på Robek-lista, og har difor for låg økonomi til å gjere noko med saka i fyrste omgang. Eit forslag har vore å bygge ein barnehage i 2019. Det er alt for lenge til, meiner småbarnsforeldra. No vil NLM som eig barnehagar over heile landet, ta saka i eigne hender.
– Vi tilbyr kommunen ei gåvepakke. NLM- barnehagane vil ta all investering sjølv. Det einaste vi ønskjer er ein garanti for å få tilskot for dei borna som skal gå i barnehagen, seier Trine Molnes Hestetun i interimkomiteen.
Molnes Hestetun er styrar i Tryggheim barnehage i Brattvågen, og er sjølv frå Ellingsøya.
– Ein høyrer om behovet for barnehage dagleg.
For dyrt for kommunen
For barnehageplassane utanfor kommunen får Ålesund ei ekstra regning på slutten av året. Rundt 20 av borna frå Ellingsøya blir sendt til barnehagar i Giske kommune. Dette betalar Ålesund ein ekstra kostrand på rundt 4,500 000 i året for.
– Det hadde vore billegare for kommunen å betale tilskotet for at desse borna kan gå på ein barnehage i si eiga kommune, meiner Molnes Hestetun.
Det er kommunalsjefen ueinig i.
– Dersom NLM bygg ut så mange plassar som dei har tenkt, vil det koste kommunen 11 millionar i tilskot sidan kommunen som heilheit har full barnehagedekning, forklarar han.
Rødal opnar likevel for å vurdere saka på nytt.
– Denne saka er ikkje låst. Vi må vurdere ulike alternativ etter søkertala er klare 1. mars.
Ein ny barnehage på Ellingsøya hadde iallefall ført til i ein lettare kvardag for Silje Harnes og familien.
– Då slepp vi å vekke Oda klokka seks om morgonen for å få levert henne før jobb. Det hadde nok resultert i både blidare barn og blidare foreldre.