Dersom fleirtalet i begge kommunane ønskjer det, blir det samanslåing frå og med 2006. Det er den planlagde bygginga av Imarsund-brua som ligg bak forslaget om samanslåing.
Folkerøystinga skjer samstundes med kommunevalet.
Baardset trur på ja
Knut Baardset (H) Aure
Også ordføraren i Aure, Knut Baardset, trur på et ja-fleirtal, men Baardset er meir forsiktig i sine spådomar. Ei slik samanslåing skal gi ei samla innsparing på rundt 10 millionar kroner, tenestetilbodet skal ikkje svekkast, seier Hans G. Lauritzen, men rundt 20 byråkratar skal på sikt bort. Det er også avgjort at senteret i den nye kommunen skal ligge i Aure.
Bordet fangar
Mest spenning no er knytta til proposisjonen om Imarsund-prosjektet som Samferdselsdepartementet skal legge fram, truleg i neste veke. Imarsund-brua er limet i denne samanslåinga, men kritikarane meiner koplinga mellom kommunesamanslåing og vegprosjekt er for tett. Imarsund-prosjektet er ein føresetnad for samanslåing, men samanslåing er også blitt ein føresetnad for Imarsund-prosjektet. Ordføraren i Aure, Knut Baardset, vedgår at bordet fangar.