Børs og bedehus
Valkommentator Leonard Vårdal meiner Frp har klart å treffe viktige verdiar på Sunnmøre.
Blandinga av kapitalistisk entrepenørånd og lavkyrkjelege, protestantiske verdiar har skapt eit politisk nedslagsfelt for KrF gjennom mange år på Sunnmøre, men no er det FrP som har overtatt denne bastionen, seier Vårdal.
FrP var størst i 8 av 17 kommunar på Sunnmøre i kommunevalet i haust, medan KrF gjekk tilbake i 13 av dei 15 Sunnmørskommunane der partiet stilte liste.
I 9 av desse kommunane hadde KrF ein tilbakegang på meir enn 4 prosentpoeng.
Sve usamd
Men FrP-ordføraren i Stranda, Frank Sve, avviser at bedehuset har vorte ein bastion for partiet. Sve meiner partiet sin framgang i Stranda skuldast at FrP kan vise til politiske resultat i kommunen.
Frank Sve
Valforskar Frank Aarebrot støttar påstanden om at FrP har erobra KrF sin kjerneområde. Gjennombrotet har kome i mange av dei mindre kommunane langs kysten av Vestlandet, seier Aarebrot, og det er først og fremst KrF som har fått svi for FrP sin framgang.
Manglar fotfeste i nord
Nord for Molde-fjorden har Frp større problemer. Partiet har framgang, men med unntak av Fræna er dette ein del av fylket der FrP ikkje har skaffa seg noko fotfeste førebels. I ni av kommunane her klarte ikkje partiet å stille liste, og dess lenger nord, dess svakare står FrP.