Hopp til innhold

Folkeopprør: – Alt vi frykta har skjedd

Rasande folk i gamle Haram vil lausrive seg frå tvangsekteskapet med Ålesund. No set dei sin lit til at Senterpartiet får makta.

Lindis Flem Harnes

Lindis Flem Harnes driv Brattvåg Fjordhotell i det tidlegare kommunesenteret. No meiner ho staden har blitt ein utkant.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Hotellsjefen i Brattvåg, Lindis Flem Harnes, har ryddesjau. Det er ikkje berre rot på lageret som skal kastast. Ho vil skrote kommunesamanslåinga og kome seg ut av storkommunen Ålesund så fort som mogleg. Ho var imot samanslåinga på førehand og alt ho frykta skulle skje, har skjedd.

– Vi sit her i utkanten og det eine tilbodet etter det andre blir tatt frå oss. Skulen har mist ressursar, sjukeheimsplassar har stått i fare og no kan ungdomstilbod forsvinne, seier Harnes.

Ho opplever at folk får dårlegare tilbod enn før, men må betale meir. Det er innført eigedomsskatt og kommunale avgifter har blitt dyrare. No gler ho seg til valet i haust.

Marit Arnstad

Marit Arnstad (Sp) seier at partiet vil gi tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar moglegheit til å gå ut.

Foto: Marit Kolberg / NRK

Vil oppheve tvangssamanslåingar

I lang tid har meiningsmålingane vist at det kan bli regjeringsskifte til hausten. Senterpartiet har programfesta at tvangssamanslåtte kommunar og fylkeskommunar skal kunne bli eiga kommune igjen.

– Eg lovar at vi skal gjere det vi kan for at tvangssamanslåtte kommunar skal få moglegheit til å bli oppløyst, seier Marit Arnstad. Ho er parlamentarisk leiar i Sp.

For at det skal skje må det kome søknad frå den gamle kommunen.

– Blir dyrt

Kommuneforsker Yngve Flo ved Norce

Yngve Flo har forska på kommunereforma.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Professor Yngve Flo ved Universitetet i Bergen seier at liknande opprør skjer andre stader i landet også. Blant anna i Troms og Finnmark, Vestland og Viken.

Flo trur det er realistisk at kommunar som blei tvungen til samanslåing, kan få gå ut dersom det blir ny regjering til hausten.

Reint praktisk trur han det blir krevjande og dyrt.

– Det er ikkje berre å knipse og så er ein tilbake til utgangspunktet i 2017. Ein må bygge ein ny kommune frå botnen av og spørsmålet er også kven som skal betale for det, seier Flo.

Inger Longva og Rune Einarsson Løndal

Det er starta ein kampanje for å lausrive Haram frå Ålesund. Inger Longva og Rune Einarsson Løndal støttar denne.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Vil ha folkerøysting

Aksjonsgruppa Haram ut av Ålesund har på få dagar samla over 3000 underskrifter med krav om folkerøysting.

– Vi var ein veldriven kommune. Alt Haram har bygd opp er i ferd med å smuldre bort, seier Harald Nordang i aksjonsgruppa.

Haram var av kommunane som blei tvungen til samanslåing. Lovnaden om at den nye kommunen med 64.000 innbyggjarar skulle bli sterk og robust held seg ikkje oppe, meiner Nordang. Ålesund kommune har så dårleg økonomi at dei står i fare for å hamne under statleg kontroll.

– Tenker for kortsiktig

Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner folk er for utolmodige og at det tar tid før samanslåinga gir effekt.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal (Ap) meiner at dei som vil ut tenker altfor kortsiktig, sidan tanken bak samanslåinga var å rigge seg til utfordringane som kjem om 30 år. Omstillinga som har blitt gjort for å gjennomføre landets største kommunesamanslåing har vore enorm.

– Å etterlyse dei store gevinstane eller fruktene no er litt tidleg, seier Aurdal.

Bør få tilbake finansformuen

For hotellsjefen i Brattvåg har kvardagen i ein storkommune blitt meir kronglete. Ein enkel søknad om skjenkeløyve har blitt tredagars jobb.

Ho meiner det ikkje er noko problem å lausrive seg og bli eiga kommune. Etter hennar syn har dei også krav på millionane Haram hadde på sparekontoen, slik at dei kan bygge både skular og badeanlegg.

– Det ligg til grunn i alle forhold. Når ein skil seg tar ein med seg det ein hadde, seier Harnes.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL