Hopp til innhold

Mista kontaktlæraren på kort varsel – storkommunane slit med økonomien

Midt i skuleåret mista Jesper sin klasse kontaktlæraren sin. I mange av dei nye storkommunane i landet får innbyggjarane merke sparekniven.

Else Johnsen og sønnen Jesper.

Elise Johnsen meiner nedbemanninga vil gi både sonen Jesper og andre skuleelevar eit dårlegare tilbod.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Brattvåg i sunnmørskommunen Ålesund har Elise Johnsen fått beskjed om at kontaktlæraren til sonen Jesper forsvinn. Alle barn treng trygge rammer i undervisninga. Det er viktig for både Jesper og dei andre å ha ein skulekvardag der ein veit kva ein går til, meiner mora

Kontaktlæraren som han fekk i fjor haust, har skapt tryggleik. Men no forsvinn læraren på grunn av økonomien i den nye storkommunen.

– Det er blodig urettferdig. Læraren har gjort ein kjempejobb og har knytt gode band til elevane. Så får vi beskjed om at han skal slutte om 14 dagar.

Redusert kvalitet

1. januar 2020 så mange av dei nye storkommunane dagens lys. På Sunnmøre hadde fem kommunar slått seg saman til ein ny kommune som fekk namnet Ålesund. Den eine av kommunane, Haram, blei med etter eit tvangsvedtak i Stortinget.

Den nye kommunen har fått ein vanskeleg start på grunn av økonomien. Hausten 2020 måtte politikarane kutte kring 350 millionar kroner då dei vedtok budsjettet og økonomiplanen. 190 årsverk skal bort. FAU-leiar Ragnhild Marken Seth ved Brattvåg barneskule fryktar at elevane blir taparane.

– Kvaliteten på tilbodet til ungane våre blir redusert. Eg er mor til to barn på skulen her. No har vi fått beskjed om redusert bemanning. Lærarar og assistentar forsvinn og det kjem alle her på skulen til å merke.

Ragnhild Marken Seth, FAU-leder ved Brattvåg Barneskule i Ålesund.

Fau-leiaren ved Brattvåg barneskule fryktar konsekvensane av nedbemanninga.

Foto: Trond Vestre / NRK

Økonomisk smell

Ålesund er ikkje noko eineståande tilfelle. Fleire av dei nye, samanslåtte kommunane har hamna i ein økonomisk utfordrande situasjon. Ein viktig grunn til den økonomiske smellen i Ålesund er den ekspansive pengebruken før kommunane blei slått saman. Dette er eit felles trekk i mange av storkommunane.

Sunnfjord kommune må bruke sparekniven etter å ha fått ein utfordrande start på livet som storkommune

– Vi byggjer fire nye idrettshallar no som er eit resultat av vedtak som blei gjort på tampen av dei gamle kommunane, seier kommunedirektør Ole John Østenstad.

Men dette kjem ikkje som ei overrasking på professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jostein Askim. Han har følgt kommunereforma på nært hald som forskar. Kommunane blei åtvara mot for høg pengebruk før dei slo seg saman. Kontrollen var for dårleg.

Kommunalministeren ville avgrense kommunane sin økonomiske handlefridom før reforma blei sett i verk. Men forslaget fekk ikkje støtte og blei lagt på hylla.

Jostein Askim, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo.

Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo, Jostein Askim har forska på kommunereforma.

Foto: Universitetet i Oslo

Verken dei som jobbar praktisk med kommunereforma i regjeringsapparatet eller forskarar som er opptatt av kommunereformen, er overraska over at dette blei resultatet.

Jostein Askim, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo.

– Ein krevjande situasjon

I Ålesund blir det jobba på spreng for å få kontroll over økonomien. Dei økonomiske utfordringane har blitt forsterka av koronapandemien. Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier det er ein krevjande situasjon.

– For Ålesund sin del handlar det no om å unngå Robeklista. Så tenkjer eg at om nokre få år så vil økonomien i Ålesund bli bra. Vi må vere tolmodige. Effektivisering tar tid. Men i mellomtida så smertar det jo for kvar månad som går.

Ordfører Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund trur den nye kommunen treng 3–5 år på å kome over bøygen.

Foto: Trond Vestre / NRK

Dei som hamnar på Robeklista får ikkje ta opp lån eller inngå langsiktige leigeavtalar utan å få grønt lys frå Statsforvaltaren. Dette vil leggje ein klam hand over økonomien og gi den nye storkommunen ein dårleg start.

– Dei som var skeptisk til kommunesamanslåing, vil jo no seie at dette ikkje var nokon god idé. Men eg trur at om nokre få år så vil alle sjå på denne kommunesamanslåing som den einaste riktige løysinga i vår tid.

Har mista trua på storkommunen

Elise Johnsen

Elise Johnsen har mista trua på storkommunen Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

Men kutt og nedbemanning gjer at frustrasjonen veks blant innbyggjarane. Elise Johnsen har mista tolmodet og vender tommelen ned for den nye storkommunen Ålesund.

– Storkommunen har skuffa stort. Eg ønskjer meg tilbake til gamle Haram kommune.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL