NRK Møre og Romsdal sender debattar mellom ordførarkandidatar i Molde, Ålesund og Kristiansund både på radio og nett. Først ut er Molde tysdag ettermiddag, onsdag sender vi frå Ålesund og tosdag er staden Kristiansund. Debattleiar alle tre stadene er Bibbi Kjølås.
Debattane i timen mellom klokka 15 og 16 i ettermiddagsendinga frå NRK Møre og Romsdal på P1. Første bolken startar omlag klokka 15.15 alle tre dagane. I tillegg til radio kan du sjå debattane direkte på nett her!
Molde: Bypakke og eldreomsorg
Debatten i Molde tysdag 1. september skal handle om to svært brennbare saker for Molde kommune. Bypakken – og ikkje minst eldreomsorga har vore utfordringar for Molde-politikarane dei siste åra. Kva har ordførarkandidatane å by på dersom dei får makt?
Debatten i Molde står mellom Frank Ove Sæther (Arbeidarpartiet), Margareth Hoff Berg (Framstegspartiet), Torgeir Dahl (Høgre) og Terje Tovan (Borgerlista).
Ålesund: Byutvikling og kven skal samarbeide med kven?
Onsdag 2. september er det Ålesund som står for tur. Byen har utfordringar når det gjeld byutvikling og kven skal bli ordførar, eller kven skal samarbeide med kven i det nye bystyret blir interessante debattar.
I Ålesund møtest Øystein Tvedt (Høgre), Eva Vinje Aurdal (Arbeidarpartiet), Tore Johan Øvstebø (Kristeleg Folkeparti) og Geir Stenseth (Framstegspartiet).
Kristiansund: Økonomien og innfartsveg i tillegg til kultur- og operahus
Torsdag 3. september er det operabyen Kristiansund sin tur. Nettopp operahus er eit viktig tema i byen, ikkje minst i lys av kommuneøkonomien og utbetring av innfartsvegen.
Kjell Neergaard (Arbeidarpartiet), Geir Nordli (Framstegspartiet), Magne Berg (Krf) og Torbjørn Kristoffersen Sagen (Høgre).