Dei 24 kvinnene ved Devold Tekstil i Sula vart bedne om å stå på ekstra i oppseiingstida i fjor sommar.
For dette meiner dei dei vart lovd ein bonus.
Magnhild Brandal, tillitsvald gjennom 13 år, meiner ho skulle ha 20 000 kroner i bonus og feriepengar.
Ukjend for styreformannen
Knut Flakk, styreformann i tidlegare Devold Tekstil, seier
Styreformann Knut Flakk
at denne bonusen er heilt ukjend for han.
Han poengterer at Spilka gjekk inn med eit lån på to millionar kroner, så dei tilsette skulle få løn og feriepengar tidlegare enn dei elles ville fått frå Lønsgarantifondet.
Sak for fagforeininga
Mellvin Steinsvoll
Saka er omtalt i siste nummer av Magasinet for Fagorganiserte, og no blir dette ei fagforeiningssak.
Distriktssekretær i LO, Mellvin Steinsvoll, vil ikkje uttale seg om denne saka konkret, men seier at ein munnleg avtale i utgangspunktet skal vere like bindande som ein skriftleg avtale.