Hopp til innhold

Føler seg diskriminert av skulen

Elevar som konfirmerer seg borgarleg føler seg diskriminert av skulen. Det seier Marianne Torgersen som har ein 14 år gamal son ved Straumsnes skule i Tingvoll.

Av:

Pål Bakke

/

Ivar Eidheim

/

Ved Straumsnes skule har presten konfirmasjonsundervisning i skuletida og borgarlege konfirmantar må forlate klasserommet.

– Frustrerande

Marianne Torgersen seier sonen hennar blir utelaten og må sitje for seg sjølv på eit lite klasserom når dei andre har konfirmantundervisning.

Det er frustrerande for guten. Han føler seg utafor, seier ho. 14-åringen er den einaste på den vesle skulen som har valt å konfirmere seg borgarleg.

– Går glipp av undervisning

Torgersen meiner at sonen går glipp av vanleg undervisning når presten er på besøk, fordi elevane i dei timane eigentleg skulle hatt matematikk. Men det har vore lite støtte å få når problemet er blitt tatt opp med skulen.

– Dei seier at det har vore tradisjon for det, og dei har berre halde fram. Det har berre vore slik, seier ho.

– Praktiske grunnar

Rektor Jens Petter Olsen seier konfirmasjonsundervisninga skjer i skuletida av praktiske grunnar. Det er tradisjon å ha konfirmantundervisning i skuletida, og det er vanskeleg å samle elevane etter skuletid. Han er likevel open for å ta opp om praksisen skal halde fram dersom det blir mange spørsmål om det.

Marianne Torgersen meiner konfirmantundervisninga høyrer heime i kyrkja.

Lyd og video

Se også

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL