Hopp til innhold

Meiner olje- og gassfokuset bør endrast

Utsiktene for den maritime næringa gode, men fokus på olje og gass bør endrast, meiner Oddmund Oterhals i Møreforsking.

Rapportframlegging frå Møreforskning

Oddmund Oterhals i Møreforsking legg i dag fram rapporten «Fortsatt gode utsikter, men økende sårbarhet».

Foto: Runar Tafjord / NRK

Den maritime næringa går lyse år i møte, men må vere forsiktig.

Det er eitt av poenga forskingsleiar Oddmund Oterhals ved Møreforsking legg fram, når den maritime klyngja samlast i Ålesund i dag.

Oddmund Oterhals

Oddmund Oterhals meiner det store olje- og gassfokuset må endrast.

Foto: Runar Tafjord / NRK

– På veg opp igjen

Oterhals er, saman med professor Arild Hervik, forfattar av rapporten «Fortsatt gode utsikter, men økende sårbarhet». Rapporten ser på den maritime næringa og utviklinga i bransjen.

– Hovudbodskapen er at næringa går bra. Etter ein liten nedtur etter finanskrisa, så er industrien på veg opp igjen, fortel Oterhals til NRK.

Rapporten blir i dag lagt fram på årskonferansen til NCE Maritime i Ålesund. «Status og vegen vidare» er tittel på konferansen der den maritime klynga møtest.

– Næringa har eigentleg hatt kontinuerleg oppgang sidan tusenårsskiftet, noko som i enormt stor grad er knytt til den gode utviklinga i offshoreindustrien, seier Oterhals.

Oljeprisen er avgjerande

Sjølv om det ser bra ut per dags dato, åtvarar forskingsleiaren i Møreforsking om for stor optimisme. Han meiner det enorme fokuset på olje- og gassindustrien er farleg.

– Dersom oljeprisen skulle falle, visst konjunkturane på kloden skulle endre seg, kan til og med vår industri bli råka.

Oterhals viser til at ting då skjer i rekkjefølgje – som ei slags dominoeffekt.

– Låg oljepris medfører lågare investeringsaktivitet frå oljeselskapa, som igjen fører til mindre etterspørsel etter båt. Og då har du ein kjedereaksjon.

– Den reaksjonen er det ingen av bedriftene som per no ser klart og er veldig opptekne av. Marknadsutsiktene dei første åra er gode, men på lenger sikt må vi vere budde på at intet veks inn i himmelen, avsluttar Oterhals.

Nybygg på Kleven Maritime

Det er ikkje sjølvsagt at slike båtar blir bygde i like høgt tempo som i dag litt inn i framtida.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL