Leidningen går mellom anna gjennom det rasutsette området på Alnesstranda, og i går var det meste av kommunen utan vatn i fleire timar etter at raset knuste vassleidningen.
Heile Giske kommune får vatnet sitt frå Godøyvatnet. Traseen for vassleidningen går rett ned i det mest rasutsette området på Godøya.
Brotet på vassleidningen i ferd med å bli lokalisert i går ettermiddag. (Foto: Alf-Jørgen Tyssing)
Også tidlegare har leidningen blitt skadd av ras. Ordførar Knut Støbakk seier traseen som er valt ikkje er bra og at dei no må vurdere å flytte leidningen.