Det var embetsmennene som starta med hagebruk i Molde på 1700-talet. Dette førte til at mange hagar bugnar av roser. Då turismen voks fram på slutten 1800-talet, marknadsførte byen seg som "Rosenes by". Men i dag har omgrepet mist mykje av innhaldet sitt. Difor vil kommunen ha ein idedugnad for korleis dei skal fylle omgrepet med innhald igjen. Orten håper ot trur at folkemøtet skal gi resultat.
Statusen som "Rosenes by" har mykje å seie for identiteten til Molde. Det er difor viktig å ta vare på denne statusen.