Hopp til innhold

Fleirtal for Møre og Romsdal

Innbyggarane i Smøla vil ikkje til Trøndelag.
Det er klart etter ei folkerøysting, der 70 prosent svarte at dei vil bli verande i Møre og Romsdal.
27 prosent ville til Trøndelag. Tre prosent svarte blankt.
Valdeltakinga var låg. Berre 42 prosent deltok i den rådgjevande folkerøystinga.

– Dette er eit såpass klart resultat at eg trur politikarane vil lytte til folket i denne saka, seier ordførar Svein Roksvåg (Sp) til NRK.

Svein Roksvåg (Sp), ordfører i Smøla.
Foto: Trond Vestre / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL