Hopp til innhold

Tolv i slagsmål – politiet måtte stoppe fest

Ein ungdomsfest i Ørsta på Sunnmøre kom ut av kontroll natt til søndag.

Politi

Fire ungdommar måtte til legevakt for skadebehandling etter fleire valdsepisodar på ungdomsfesten i Ørsta natt til søndag. Illustrasjonsfoto.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Ein politipatrulje som rykte ut til Follestaddalen samfunnshus i Ørsta registrerte at nærare 300 ungdomar var til stades ved lokalet.

Ein person i tenåra vart arrestert, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK. Dette skjedde etter ei valdshending der den fornærma måtte til legevakta for å sy.

Tolv personar i slåstkamp

Det vart meldt om fleire valdsepisodar. Fire ungdommar måtte til legevakt for behandling av skadar.

Klokka 00:37 kom det melding frå ei dørvakt om at tolv personar var i slåstkamp. Politiet drog til staden med to politipatruljar.

– Politiet fekk natt til søndag mange telefonar frå folk som var på arrangementet, seier Ferstad til NRK.

Operasjonsleder Per Åge Ferstad

Operasjonsleiar Per Åge Ferstad i politiet seier til NRK at dei sende to patruljar til festen som kom ut av kontroll.

Foto: Politiet

– Dette skulle eigentleg vere eit rusfritt russearrangement, men det kom veldig mange rusa ungdommar dit, seier operasjonsleiaren.

– Uoversiktleg

Mange mindreårige var fulle. Nokre av desse vart henta av foreldre.

Politiet karakteriserer situasjonen som svært uoversiktleg. – Det var mange ting som skjedde samtidig.

Sett fri etter avhøyr

Mannen som vart arrestert for vald er i slutten av tenåra.

– Vi tok han inn til avhøyr, og han vart deretter sett fri, seier operasjonsleiaren.

Ifølge politiet vart ungdomsfesten arrangert av russ, men at det også var andre ungdommar på festen.

Også forrige helg såg politiet seg nøydd til å stoppe ein fest i Ørsta.

Follestaddalen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL